Side:OJ Høyems bondehjelpar.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

tusendel. Det er såleids berre fjas og fjuntror til eigja skam og plage, når denne store, „jordstyrande“ ætta går utom heimen sin etter slike namn som dei ovannæmnte; hennar eigne er likså stutte og letsagte, og det, som våttar mest, dei forklare seg sjølv for eigarom sine; men dette gjer hine framande aldri, då dei ikkje har ei einaste ordrot på den gjeirmanske folktungon. Dei må defor læras som ein tom ordlyd og al sin dag brukas som ein tom lyd. Sjå berre no på spesieordet, som vi hadde i 60 år, utan at folk visste det grand om, kvad det eigentleg vilde segje; og sjå på tusen andre ord, som det er likeins med!

Det høvde os defor best å halde op med ny intaking av vilframande ord; vi har rundeleg rikt ordforråd sjølv, såleids og no for nyt mål, vegt og mynt og for rekningen etter desse. Når såg vi, at romanfolkja tok op gjeirmanske ord, fordi om dei fik nye tankar og opfinningar ifrå nordgrannom sine i evropa og amerika? Hertil kjem no det, at det er ugjerande for gjeirmanom å bruke framandorda ret, segje dem ret; defor bli dei vonom før reint vanskapte og det så stærkt, at ingen korkje i nord eller sør vil kjennas ved desse krøplingom. Hør berre åt, så held du med meg! Og denne gata vil det og gå med deka, hekto, kilo, osv. Bonden, som kjem med komeli for komedie, reperere og repetere ja retirere for reparere, eksere for eksersere, akkedere for akkordere, boletta for épålettar, pantlær for bangdolier, selativ for sedativ, kabbelere for rekapitulere, pønse for pangse, remeli for remedium, marsjon for konfirmasjon osv. osv., han vil og snarleg koma med kjele, kjel, hækte, hækt, dekke (dokko), desse, sente, (sant), mælle osv., ja kvem veit, ænog med „millom“ osv! Og så bli han då æt etter æt til låt-og-løgje og spot for dei meire op-