Side:OJ Høyems bondehjelpar.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

tæmte byfolk og målkunnige. Men dette er her ingja trang til. Det må væra rundeleg nok, at alle verdsens folk måle, veg og rekne like stort og dele einheita på same sættet, om dei ikkje skal plage kvarandre til å bable fram dei ømse mål- og vegtstorleikerne med framande folktungor og dermed stå som apekattor seg sin-imillom og som mismætarar av fædrom og av deres og sine eigne tungemål. Ein slik ein tanke leidde engelskmannen til å kalle 100 ℔ikkje sentner, men „1 hundrvegt“ og til å kalle 1 „libra“ og 1 „denarius“ beint fram: 1 pund og 1 penning (penni), om han æn merkjad namna med L (libra) og d (denarius), liksom eg merkjer potta med 1 (liter). Det vil visseleg også vækkje både latter og vreide hos vårt landsfolk, når det må til med ordelag, som desse: ein hæktar står og arbeider på ein hektar! ɔ: den norske hæktaren dænger den græske hektaren med græve!

At kjøpmannen i brevveksling med folk utanfor dei gjeirmanske landmerkja tildels måtte bruke andre talnamn (liksom reint framandt språk al med seg), det vart ei sak for seg. Om så han måtte skrive både arabisk og kjinesisk, kvad kom det dei 160 millionom ved i deres daglege lag og i samkvem seg sin i millom!

Nidaros, 5te september 1876.

O. J. H.