Side:OJ Høyems bondehjelpar.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Førreord til bondehjelparen.

Det lever på jorden ikring 4 millionar menneskjor, som segje: „deka, hekto[1], kilo“, når dei meine 10, 100, 1000, og ein 110 millionar, som segje:„ desi, senti, milli[2]“, når dei meine: tidels, hundrdels, tusendels. Dei 4 er græske, og dei 110 er latinske folk, som både to er av same folkætten, nemleg den romanske, og bur på dei 3 halvøyom i sørevropa, i Frankrike og søramerika.

Men så lever det på jorden over 160 andre millionar, som har heimstaderne sine alt ifrå alpebergom i Sveis og op til nordishave og ifrå austbreiddom av bottenhave i evropa til Kalifornien ved stillehave i nordamerika. Alle desse er og av same ætten, nemleg den gjeirmanske; elles heite dei nordmænner, svenskar, danskar, tykskarar, sveisarar, hollændingar, belgiamænner, englændingar, færøyingar, islændingar og nordamerikanerar. Dei bur og mykjed godt i andre storlottar av jorden og styre einard i australien og over store land både i afrika og asien.

Denne gjeirmanske folkfærda står som den første i verden, når det gjeld oplysning; ho er og længst framkomed i folkfridom og folkeleg sædhevd og kan, i einingskap med seg sjølv, godt råde over alle andre folkslag på jorden.

Men når desse 160 millionarne meine: 1, 10, 100, 1000 og ¹/₁₀, ¹/₁₀₀, ¹/₁₀₀₀, så segje dei alle på det nærmaste: ein, ti, hundr, tusen og likså: tidel, hundrdel,

  1. av: hekaton.
  2. av: desem, sentum, mille.