Side:Nye testamente (1889).djvu/76

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Verdi og Tillokkingi av Rikdomen og Lysterna til dei andre Ting koma inn og kjøva Ordet, og det vert grødelaust.
20 Og dette er dei, som ero saadde i god Jord, slike som høyra Ordet og taka det til seg og bera Grøda, sume tretti og sume seksti og sume hundrad Foll.“
21 Og han sagde til deim: „Kjem Ljoset inn dertil, at ein skal setja det under Skjeppa elder under Benken? Er det ikkje dertil, at ein skal setja det i Staken?
22 For der er ingen Ting løynd, som ikkje skal verta opendagad, og inkje er gjort til aa vera gøymt, men til aa koma fyre Dagen.
23 Um nokon heve Øyro til aa høyra med, han høyre!“
24 Og han sagde til deim: „Agte paa det, som de høyra! Med det same Maalet, som de mæla med, skal det verta dykker tilmælt, og nokot attpaa til dykker, som høyra.
25 For den som heve, han skal faa, og den som ikkje heve, fraa honom skal veta teket jamvel det, som han heve.“
26 Og han sagde: „So er det med Guds Rike, som naar ei Menneskja kastar Sædet i Jordi,
27 og han søv og stend upp Natt og Dag, og Sædet renn upp og veks paa ei Vei, som han ikkje veit.
28 For av seg sjølv ber Jordi Grøda, fyrst Straa, so Aks og so fullmatat Korn i Akset.
29 Men naar Grøda er skjær, sender han strakst Sigden; for daa er Skurden komen.“
30 Og han sagde: „Kvat skulo me likna Guds Rike med? elder kvat Likand skulo me tyda det med?
31 Det er som Senapskornet, som naar det vert saatt i Jordi, er det minste av alt Frækorn paa Jordi.
32 Og naar det er saatt, renn det upp og vert større enn alle andre Hagevokstrar og skyt store Greiener, so Fuglarne under Himmelen kunna byggja Reid i Skuggen av det.“
33 Og i mange slike Liknadar talade han Ordet til deim, etter som dei kunde fata.
34 Men utan Likand talade han ikkje til deim. Men naar dei var aaleine, tydde han alt ut fyre Læresveinarne sine.
35 Og same Dagen, daa det vart Kveld, sagde han til deim: „La oss fara yver paa hi Sida.“
36 Og daa dei hadde sendt Folket burt, so tok dei honom med, som hav var i Baaten; men det var andre Baatar og med honom.
37 Og det kom ei hard