Side:Nye testamente (1889).djvu/75

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Guds Vilje, den er min Broder og mi Syster og Moder.“

4de Kapitlet.

 Og han tok til aa lære ved Sjoen atter; og det kom myket Folk saman til honom, so han gjekk ut i Baaten og sat paa Sjoen, og alt Folket var paa Landet ved Sjoen.
2 Og han lærde deim mangt i Liknader og sagde til deim i sin Læretale:
3 „Høyre til! Sjaa, ein Saamann gjekk ut og skulde saa.
4 Og det hende, daa han saadde, at nokot fall ned ved Vegen, og Fuglarne under Himmelem kom og aat det upp.
5 Og sumt fall paa Steingrunn, der det ikkje hadde stort Jord, og det rann snøgt upp, avdi det ikkje hadde djup Jord.
6 Men daa Soli steig, skein det av og visnade, avdi det ikkje hadde Rot.
7 Og sumt fall millom Klunger, og Klungren voks upp og kjøvde det, og det gav ikkje Grøda.
8 Og sumt fall i god Jord og gav Grøda, som skaut upp og voks til; og det bar sumt tretti og sumt seksti og sumt hundrad Foll.“
9 Og han sagde til deim: „Den som heve Øyro til aa høyra med, han høyre!“
10 Og daa han vart aaleine med deim, spurde dei tolv og dei andre, som var med honom, um Liknaden.
11 Og han sagde til deim: „Dykker er det gjevet aa kjenne Løyndomen i Guds Rike. Men fyre hine utanfyre vert det alt gjevet i Liknadar,
12 so dei sjaaande skulo sjaa og ikkje skilja og høyrande høyra og ikkje skyna, so dei ikkje skulo umvenda seg og faa sine Synder forlatne.“
13 Og han sagde til deim: „Skyna de ikkje denne Liknaden? og kor vilja de so skyna alle Liknadarne?
14 Saamannen saar Ordet.
15 Men dette er dei ved Vegen: der som Ordet vert saatt, og naar dei hava høyrt det, kjem Satan strakst og tek burt Ordet, som var saatt i deira Hjarto.
16 Og likeins: dette er dei, som ero saadde paa Steingrunn, dei som mottaka Ordet med Gleda, strakst dei høyra det,
17 og dei hava ikkje Rot i seg, men standa berre til ei Tid; sidan naar Trengsla elder Forfylgjing kjem paa fyre Ordet Skuld, daa styggjast dei strakst ifraa.
18 Og dette er dei, som ero saadde millom Klunger, dei som høyra Ordet,
19 og Umsuterna fyre denne