Side:Nye testamente (1889).djvu/74

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


og at han kunde ſenda deim ut til aa forkynna
15 og hava Magt til aa lækja Sjukdomar og driva vonde Andar ut.
16 Og han gav Simon Tilnamnet Petrus;
17 og Jakob, Sebedæus’ Son, og Johannes, Broder til Jakob, og han gav deim Tilnamnet Boanerges, det er Tore-Sønerne,
18 og Andreas og Filippus og Bartolomæus og Mattæus og Tomas og Jakob, Alfæus’ Son, og Taddæus og Simon Kananites
19 og Judas Iſkariot, ſom og forraadde honom.
20 Og dei kom heim, og Folket kom paa nytt ſaman, ſo dei ikkje kunde faa ſeg Mat eingong.
21 Og daa Folket hans høyrde det, kom dei og vilde taka honom; for dei ſagde: „Han er fraa ſeg.“
22 Og dei Skriftlærde, ſom var komne ned fraa Jeruſalem, ſagde: „Han heve Beelſebul, og med Hjelp av Hovdingen fyre dei vonde Andar driv han dei vonde Andar ut.“
23 Og han kallade deim til ſeg og ſagde til deim i Liknadar: „Kor kann Satan driva Satan ut?
24 Og derſom eit Rike vert uſamt med ſeg ſjølv, ſo kann det Riket ikkje ſtanda;
25 og derſom eit Hus vert uſamt med ſeg ſjølv, ſo kann det Huſet ikkje ſtanda;
26 og derſom Satan heve ſett ſeg upp og vortet uſamd med ſeg ſjølv, ſo kann han ikkje ſtanda ſeg, men det er ute med honom.
27 Ingen kann ganga inn i Huſet til den ſterke og rana hans Bunad, utan han fyrſt fær bundet den ſtærke, og ſo kann han rana Huſet hans.
28 Sannelege ſegjer eg dykker, at alle SYnder ſkulo verta Menneſkjebornom forlatne, og alle Spottingar med, for myket dei ſo ſpotta;
29 men den, ſom ſpottar den heilage Ande, han fær i all Æva ikkje Forlating, men er ſkyldig til æveleg Dom.“
30 For dei hadde ſagt: „Han heve ein urein Ande.“
31 So kom Brøderne og Moder hans og vart ſtandande utanfyre og ſende Bod og bad honom koma.
32 Og Folket ſat umkring honom, og dei ſagde til honom: „Sjaa, Moder di og Brøderne dine der ute ſpyrja etter deg.“
33 Og han ſvarade deim og ſagde: „Kven er mi Moder elder mine Brøder?“
34 Og han ſaag umkring paa deim, ſom ſat um honom, og ſagde: „Sjaa mi Moder og mine Brøder!
35 For den, ſom gjerer