Side:Nye testamente (1889).djvu/73

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

var Øvsteprest, og aat Synebraudi, som ingen utan Prestarne heve Lov til aa eta, og gav deim og, som var med honom?“
27 Og han sagde til deim: „Kviledagen vart til fyre Menneskja Skuld, og ikkje Menneskja fyre Kviledagen Skuld.
28 Difyre er Menneskjesonen Herre yver Kviledagen med.“

3dje Kapitlet.

 Og han gjekk atter inn i Stemnesova; og der var ein Mann, som hadde ei visnad Hand.
2 Og dei gjætte paa honom, um han vilde lækja honom paa Kviledagen, so dei kunde faa Klaga paa honom.
3 Og han sagde til Mannen, som hadde den visne Handi: „Statt upp og kom fram!“
4 Og han sagde til deim: „Er det rett aa gjera godt paa Kviledagen elder aa gjera vondt, aa berga Liv elder slaa i Hel?“ Men dei tagde.
5 Og han saag umkring paa deim med Harm, full av Sorg yver, at dei var so hardhjartade, og han sagde til Mannen: „Rett Handi ut!“ Og han rette henne ut, og Handi hans vart frisk som den andre. 6 Og Farisæarne gjekk og lagde strakst Raad med Herodes-Folket imot honom, kor dei kunde faa gjort av med honom.
7 Men Jesus drog seg undan til Sjoen med Læresveinom sine; og ei stor Mengd fraa Galilæa fylgde honom, og fraa Judæa
8 og fraa Jerusalem og fraa Idumæa og fraa andre Sida aat Jordan, og dei umkring Tyrus og Sidon, ei stor Mengd, kom til honom, daa dei høyrde, kor store Gjerningar han gjorde.
9 Og han sagde til Læresveinarne sine, at der skulde vera ein Baat til Reida aat honom fyre Folkehopen Skuld, so dei ikkje skulde trengja honom;
10 for han lækte mange, so alle dei, som hadde Plagor, trengde seg fram til honom, at dei kunde røra ved honom.
11 Og naar dei ureine Andar saag honom, fall dei ned fyre honom og ropade og sagde: „Du er Guds Son.“
12 Og han trugade deim strengt, at dei ikkje skulde gjera honom kjend.
13 Og han gjekk uppaa Berget og kallade til seg deim, som hans sjølv vilde, og dei gjekk til honom.
14 Og han tok told ut, at dei skulde vera med honom,