Side:Nye testamente (1889).djvu/77

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Vindflaga, og Baarorna ſlog inn i Baaten, ſo han alt fyllteſt.
28 Og han laag i Atterſkuten og ſov paa ei Hovudputa. Og dei vekte honom og ſagde til honom: „Meiſter, vyrder du ikkje um, at me ſetja til?“
39 Og han reiſte ſeg og agade Vinden og ſagde til Sjoen: „Teg ſtill og ver logn!“ Og Vinden ſpaknade, og det vart ſtavande Stilla.
40 Og han ſagde til deim: „Kvi ero de ſo ræddhugade? korleides, hava de ikkje Tru?“
41 Og dei var ſtorlege rædde og ſagde til kvarandre: „Kvat er daa dette for ein, at baade Vinden og Sjoen lyda honom?“

5te Kapitlet.

1 Og dei kom paa hi Sida aat Sjoen til Gadarenar-Landet.
2 Og daa han ſteig ut or Baaten, kom det ſtrakſt imot honom ut or Gravom ei Menneſkja med ein urein Ande,
3 ſom hadde Tilhald i Gravom; og ingen kunde binda honom, ikkje eingong med Lekkjor;
4 for han hadde ofta voret bunden med Fotband og Lekkjor, men Lekkjorna hadde brotnat av honom og Fotbandi ſlitnat, og ingen kunde raada med honom;
5 og han var alltid Natt og Dag paa Bergom og i Gravom og ſkreik og ſlo ſeg ſjølv med Stein.
6 Og daa han ſaag Jeſus paa lang Leid, kom han ſpringande og fall ned fyre honom og ſkreik høgt og ſagde:
7 „Kvat heve eg med deg, Jeſus, den høgſte Guds Son? eg manar deg ved Gud, at du ikkje maa pina meg.“
8 For han ſagde til honom: „Far ut or Menneſkja, du ureine Ande!“
9 Og han ſpurde honom: „Kvat er Namnet ditt?“ Og han ſvarade og ſagde: „Legion er Namnet mitt; for me ero mange.“
10 Og han bad honom ſo myket, at han ikkje maatte driva deim ut or Bygdi.
11 Men der ved Berget gjekk ein ſtor Flokk Svin paa Beite.
12 Og alle ddei vonde Andarne bad honom og ſagde: „Send oſs til Svini, ſo me kunna fara inn i deim.“
13 Og Jeſus gav deim ſtrakſt Lov til det. Og dei ureine Andarne foor ut og foor inn i Svini; og Flokken ſtupte ſeg utyver Bakken og i Sjoen, — men det var tvo Tuſund paa Lag — og dei druknade i Sjoen.
14 Og dei, ſom gjætte Svini, flydde og fortalde det i Byen og i Bygdi. Og dei gjekk