Side:Nye testamente (1889).djvu/71

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


39 Og han tlade i Stemneſtovom deira rundt i heile Galilæa og dreiv dei vonde Andar ut.
40 Og det kom til honom ein ſpitelſk Mann, ſom bad honom og fall paa Kne og ſagde til honom: „Derſom du vil, ſo kann du reinſa meg.“
41 Men Jeſus ynkadeſt og rette Handi ut og rørde ved honom og ſagde: „Eg vil; vert du rein!“
42 Og med det ſame han ſagde det, ſleppte Spillſykja honom, og han vart rein.
43 Og han talade ſtrengt til honom og hadde honom ſtrakſt ut
44 og ſagde til honom: „Sjaa til, du ikkje ſegjer nokon det, men gakk og ſyn deg fram fyre Preſten, og ofra fyre di Reinſing det, ſom Moſes heve paabodet, til Vitne fyre deim.“
45 Men daa han kom ut, gav han ſeg til aa tala myket um det og bar Ordet utyver, ſo Jeſus ikkje lenger kunde ganga openberrleg inn i ein By, men var ute paa ubygde Stader; og dei kom til honom fraa alle Leider.

2dre Kapitlet.

 Nokre Dagar ſeinare gjekk han inn i Kapernaum atter, og det ſpurdeſt, at han var heime.
2 Og ſtrakſt kom mange ſaman, ſo dei fekk ikkje Rom, jamvel ikkje utanfyre ved Dyrri. Og han talade Ordet til deim.
3 Og dei kom til honom med ein verkbroten Mann, ſom vart boren av fire Mann.
4 Og daa dei ikkje kunde koma fram til honom fyre Folkehopen, tok dei Taket av, der han var, og daa dei hadde rivet det upp, let dei Sengi ſiga ned, ſom den verkbrotne laag i.
5 Og daa Jeſus ſaag deira Tru, ſagde han til den verkbrotne: „Son, dine Synder ero deg forlatne.“
6 Men der var nokre av dei Skriftlærde, ſom ſat der og tenkte i ſitt Hjarta:
7 kvi talar denne ſlike Spottingar? kven kann forlata Synder utan Ein, det er Gud?
8 Og ſtrakſt kjende Jeſus i ſin Ande, at dei tenkte ſo med ſeg ſjølve, og han ſagde til deim:
9 „Kvi tenkja de ſlikt i dykkar Hjarto? Kvat er lettat, aa ſegja til den verkbrotne: Dine Synder ero deg forlatne, elder aa ſegja: ſtatt upp, tak Sengi di og gakk?
10 Men ſo de kunna vita, at Menneſkjeſonen heve Magt til aa forlata Synder paa Jordi,“ —
11 ſo ſagde han til den verkbrotbe: — „Eg ſegjer deg, ſtatt upp, tak Sengi di og gakk heim!“
12 Og han ſtod ſtrakſt upp