Side:Nye testamente (1889).djvu/70

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Jakob, Sevedæus’ Son, og Johannes, Broder hans, som og var i Baaten og bøtte Garni.
20 Og strakst kallade han deim; og dei forlet Sebedæus, Fader sin, i Baaten med Leigefolket og fylgde honom.
21 Og dei gjekk inn i Kapernaum, og strakst paa Kviledagen gjekk han inn i Stemnestova og lærde.
22 Og dei fall i Undring yver Læra hans; for han lærde deim som den, som hadde Velde, og ikkje som dei Skriftlærde.
23 Og der var i Stemnestova deira ei Menneskja med ein urein Ande, og han ropade og sagde:
24 „Ei! kvat hava me med deg, Jesus fraa Nasaret? Er du komen og vil øydeleggja oss? eg kjenner deg og veit, kven du er, du Guds heilage.“
25 Og Jesus trugade honom og sagde: „Teg still og far ut or honom!“
26 Og den ureine Anden sleit honom og streik høgt og for ut or honom.
27 Og dei vart forstøkte allesaman, so dei spurde seg imillom og sagde: „Kvat er dette? kvat er det for ei ny Læra? for han byd endaa dei ureine Andar med Velde, og dei lyda honom.“
28 Og Ordet um honom kom strakst ut yver heile Umlandet i Galilæa.
29 Og strakst dei kom ut or Stemnestova, gjekk dei inn i Huset til Somon og Andreas saman med Jakob og Johannes.
30 Men Vermoder til Simon laag i Sott; og strakst fortalde dei honom um henne.
31 Og han gjekk og tok henne i Handi og reiste henne upp; og Sotti sleppte henne strakst, og ho stellte fyre deim.
32 Men daa det vart Kveld, og Soli gjekk ned, førde dei til honom alle deim, som hadde vondt, og deim som var forgjorde av vonde Andar.
33 Og heile Byen var komen saman utanfyre Dyrri;
34 og han lækte mange, som hadde vondt av ymse Sjukdomar, og dreiv mange vonde Andar ut, og han let ikkje dei vonde Andarne saa tala; for dei kjende honom.
35 Og um Morgonen lenge fyre Dag stod han upp og gjekk ut og burt til ein Øydestad og bad der.
36 Og Simon og dei, som var med honom, sette etter honom;
37 og daa dei fann honom, sagde dei til honom: „Dei leita alle etter deg.“
38 Og han sagde til deim: „Lat oss ganga til dei næste Smaabyarne, so eg kann tala der og; for dertil var det, eg gjekk ut.“