Side:Nye testamente (1889).djvu/69

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Evangeliet etter Markus.
1ste Kapitlet.

 

U

pphavet til Evangeliet um Jesus Kristus, Guds Son.

2 So som det er skrivet hjaa Profetom: „Sjaa eg sender min Engel fyre di Aasyn, han skal rydja Vegen din fyre deg;
3 det er Røysti av ein, som ropar i Øydemarki: Rydje Herrens Veg, gjere Stigarne hans jamne“,
4 so kom Johannes og døypte i Øydemarki og forkynte Daup med Umvending til Forlating fyre Synderna.
5 Og heile Judæalandet og dei fraa Jerusalem gjekk ut til honom, og dei vart alle døypte av honom i Jordan-Elvi, naar dei medsannade sine Synder.
6 Johannes hadde Klædnad av Kamelhaar og Lederbelte um Livet, og han aat Engsprettor og vill Honning.
7 Og han forkynte og sagde: „Det kjem ein etter meg, som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdug til aa luta meg ned og løysa upp Skoreimi hans.
8 Eg døypte dykker med Vatn, men han skal døypa dykker med den heilage Ande.“
9 Og det hende seg i dei Dagom, at Jesus kom fraa Nasaret i Galilæa og vart døypt i Jordan av Johannes.
10 Og strakst han steig upp or Vatnet, saag han Himlarne skildest, og Anden for ned paa honom som ei Duva,
11 og det kom ei Røyst fraa Himmelen: „Du er min Son, den elskade, som eg heve Hugnad i.“
12 Og strakst dreiv Anden honom ut i Øydemarki,
13 og han var der i Øydemarki fyrti Dagar og vart freistad av Satan; og han var med Villdyrom, og Englarne tente honom.
14 Men etter at Johannes var sett fast, kom Jesus til Galilæa og forkynte Evangeliet um Guds Rike og sagde:
15 „Tidi er fullkomi, og Guds Rike er nær; umvende dykker, og tru Evangeliet!“
16 Men daa han gjekk frammed Galilæa-Sjoen, saag han Simon og Andreas, Broder hans, som sette Garn i Sjoen; for dei var Fiskarar.
17 Og Jesus sagde til deim: „Fylgje meg, so skal eg gjera dykker til Menneskjefiskarar.“
18 Og strakst lagde dei Garni fraa seg og fylgde honom.
19 Og daa han hadde gjenget litet lenger fram, saag han