Side:Nye testamente (1889).djvu/37

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest



10 Sjaa til, at de ikkje van vyrda ein einaste av desse Smaa; for eg segjer dykker, at deira Englar i Himlom sjaa allstødt Andlitet til min Fader i Himlom!
11 For Menneskjesonen er komen til aa frelsa det Fortapte.
12 Kvat tykkja de? Um ei Menneskja heve hundrad Sauder, og ein av deim forviller seg, vil han daa ikkje forlata dei ni og niti og ganga upp i Fjelli aa leita etter den villfarande?
13 Og hender det seg, at han finn honom, sannelege fegjer eg dykker, at han gled seg meir yver honom enn yver dei ni og niti, som ikkje hava voret forvillte.
14 Soleides er det ikkje Viljen til dykkar Fader i Himlom, at ein av desse Smaa skal verta fortapt.
15 Men dersom din Broder syndar imot deg, so gakk og tel fyre honom berre paa tvo Manns Hand; derfom han lyder deg, daa heve du vunnet din Broder.
16 Men derfom han ikkje lyder deg, so tak endaa ein elder tvo med deg, so at kvart Ord kann standa fast ved tvo elder tri Vitnesmaal.
17 Men dersom han ikkje vil høyra etter deim, so seg det til Kyrkjelyden; men dersom han ikkje vil høyra etter Kyrkjelyden helder, so vere han fyre deg likasom Heidningen og Tollmannen.
18 Sannelege segjer eg dykker: Kvat som de binda paa Jordi, skal vera bundet i Himmelen; og kvat de løysa paa Jordi, skal vera løyst i Himmelen.
19 Atter segjer eg dykker, at dersom tvo av dykker verta samtykte um nokon Ting paa Jordi, som de vilja beda um, so skal det verta dykker gjevet av min Fader i Himlom.
20 For der, som tvo elder tri ero samankomne i mitt Namn, der er eg midt imillom deim."
21 Daa kom Petrus til honom og sagde: „Herre, kor ofta skal min Broder synda imot meg og eg forlata honom? Upp til sjau Gonger?"
22 Jesus segjer til honom: „Eg segjer deg: ikkje upp til sjau Gonger, men upp til sjautti Gonger sjau.
23 Difyre vert Himmelriket liknat ved ein Konge, som vilde halda Reikneskap med Tenarom sine.
24 Men daa han tok til aa halde Reikneskap, vart det ført fram fyre honom ein, som var skuldug ti tusund Pund.
25 Men daa han ikkje hadde nokot aa avgjera Skuldi med, baud hans Herre, at han skulde verta seld, han og Kona hans og Borni hans og alt han aatte, og Skuldi verta avgjord.
26 Tenaren fall daa paa Kne fyre honom og sagde: Herre, ver langmodig med meg, so vil eg avgjera altsaman med deg!
27 Daa ynkadest Herren til