skal det flytja seg, og ingen Ting
stal vera umogeleg fyre dykker.
21 Men dette Slaget gjeng
ikkje ut, utan fyre Bøn og Fasta."
22 Men daa dei gjekk umkring
i Galilea, sagde Jesus til deim:
Menneskjesonen skal verta
forraadd i Menneskjehender;
23 Og dei skulo slaa honom i
Hel, og han skal standa upp den
tridje Dagen." Og dei vart reint
ille ved.
24 Men daa dei kom til
Kapernaum, gjekk dei, som tok inn
Tempelskatten, til Petrus og fagde:
„Legg ikkje dyttar Meister
Tempelskatt?"
25 Han segjer: „Jau".
Og daa han kom inn i Huset, talade
Jesus fyrst til honom og sagde:
„Kvat tykkjer du, Simon! av kven
taka Heimsens Kongar Toll elder
Skatt? av Sonom sine elder av
dei Andre?"
26 Petrus segjer til honom:
„Av dei ’Andre". Jesus sagde til
honom: „So ero Sonerne fri."
27 Men at me ikkje skulo
avstyggja deim, so gakk til Sjøen,
kasta ein Krok ut, og tak den
fyrste Fisken, som kjem upp; og
naar du opnar Munnen hans, so
skal du finna ein Pening. Tak
den og giv deim den fyre meg
og deg."
1 Paa den same Tidi kom
Læresveinarne til Jesus og sagde: „Kven
er daa den største i Himmelriket?"
2 Og Jesus kallade til seg eit
litet Barn, sette det midt imillom
deim
3 og sagde: „Scmnelege segjer
eg dykker: dersom de ikkje
umvenda dykker og verta som dei
smaa Born, kome de slet ikkje inn
i Himmelriket.
4 Difyre den, som nedrar seg
sjølv som dette vesle Barnet, han
er den største i Himmelriket.
5 Og den, som tek imot eit
slikt Barn i mitt Namn, han tek
imot meg.
6 Men den, som avstyggjer
ein av desse Smaa, som trur paa
meg, fyre honom var det betre,
at det var hengt ein Kvernstein
um Halsen hans, og at han var
nedsøkt i Havsens Djup.
7 Usel er Verdi fyre
Avstyggjingar Skuld; for det er
u-avvendelegt, at Avstyggingar maa
koma; men usel den Menneskja,
som Avstyggingi kjem ifraa!
8 Men dersom di Hand elder
din Fot avstyggjer deg, fo hogg
deim av og kasta deim ifraa deg;
det er godt fyre deg aa ganga
halt elder vanfør inn til Livet
helder enn an hava tvo Hender og
tvo Føter og vertn kastad i den
evelege Elden.
9 Og um ditt Auga avstyggjer
deg, so riv det ut og kasta
det ifraa deg; det er godt fyre
deg aa ganga einøygd inn til
Livet helder enn aa hava tvo
Augo og verta kastad i Helvites
Eld.