Side:Nye testamente (1889).djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


2 Og han vart umskapad fyre Augom deira, og hans Andlit skein som Soli, og Kledi hans vart kvite som Ljoset,
3 Og sjaa, Moses og Elias synte seg fyre deim og talade med honom.
4 Men Petrus svarade og sagde til Jesus: „Herre, her er oss godt aa vera! Vil du, so lat oss gjera tri Buder her, ei aat deg, og ei aat Mofes og ei aat Elias!"
5 Endaa medan han talade, sjaa, daa skygde ei lysande Sky yver deim, og sjaa, det kom ei Røyst utor Skyi og stgde: „denne er Son min, den elskade, som eg heve Hugnad i. Høyre honom!"
6 Og daa Læresveinarne høyrde det, fall dei ned paa sitt Andlit og vart oversleg redde.
7 Og Jesus kom og rørde ved deim og fagde : „Stande upp og vere ikkje redde!"
8 Men daa dei lyfte upp Augo sine, saag dei Ingen, utan Jesus aaleine.
9 Og daa dei gjekk ned av Berget, baud Jesus deim og sagde : „De maa ikkje fortelja nokon um denne Syni, fyrr enn Menneskjesonen stend upp ifraa dei Daude."
10 Og Læresveinarne hans spurde honom og sagde: „Kor segja daa dei Skriftlærde, at Elias maa koma fyrst."
11 Men Jesus svarade og sagde til deim: „Elias skal vel koma fyrst og setja alt i Lag.
12 Men eg segjer dykker, at Elias er alt komen, og dei kjendest ikkje ved honom, men gjorde med honom det, som dei vilde; slikt skal og Menneskjefonen lida av deim."
13 Daa stynade Læresveinarne, at det var um Johannes Døypar han talade til deim.
14 Og daa dei kom til Folket, gjekk ei Menneskja til honom og fall paa Kne fyre honom
15 og sagde: „Herre, miskunna Son min! for han er maanesjuk og lid vondt; for han fell ofta i Elden og ofta i Vatnet.
16 Og eg førde honom til Læresveinarne dine, og dei kunde ikkje lækja honom."
17 Men Jesus svarade og sagde: „Aa du vantruande og rangsnudde Ætt! Kor lengje skal eg vera hjaa dykker? Kor lengje skal eg tola dykker? Før honom hit til meg!"
18 Og Jesus trugade honom ; og den ureine Ande foor ut or honom, og Guten var lækt ifraa den same Timen.
19 Daa gjekk Læresveinarne til Jesus og sagde i Einmæle: „Kvifyre kunde ikkje me driva honom ut?"
20 Men Jesus sagde til deim : „Fyre dyttar Vantru Skuld; for sannelege segjer eg dykker: Dersomde hava Tru som eit Senopskorn, kunna de segja til dette Berget: Flyt deg her ifraa, so