Side:Nye testamente (1889).djvu/34

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


sagde: „Kven segjer Folk, at eg er, eg som er Menneskjesonen?"
14 Men dei sagde: „Sume: Johannes Døypar, men andre: Elias; men andre: Jeremias elder ein av Profetom."
15 Han segjer til deim : „Men de, kven fegja de, at eg er?"
16 Men Simon Petrus svarade og sagde: „Du er Kristus den livande Guds Son."
17 Og Jesus svarade og sagde til honom: „Sel er du. Simon, Jonas Son; for Kjøt og Blod heve ikkje openberra! deg det, men Fader min i Himlom.
18 Men eg segjer deg og, at du er Petrus, og paa dette Berget vil eg byggja mi Kyrkja, og Helheims Portar skulo ikkje faa Magt med henne.
19 Og eg vil giva deg Lyklarne til Himmelriket, og det, som du bind paa Jordi, skal vera bundet i Himmelen, og det, som du løyser paa Jordi, skal vera løyst i Himmelen."
20 Daa paalagde han Læresveinom sine, at dei ikkje skulde segja nokon, at han var Jesus Kristus.
21 Ifraa den Tidi tok Jesus til aa vitra Lerefveinarne sine um, at han laut ganga upp til Jerusalem og lida mangt av dei Ældste og av Øvsteprestom og av dei Skriftlærde, og verta slegjen i Hel og standa upp den tridje Dagen.
22 Og Petrus tok honom avsides, tok til aa telja fyre honom og sagde: „Gud vere deg naudig Herre! so maa det ikkje ganga deg!"
23 Men han vende seg og sagde til Petrus: „Vik bakum meg, Satan, du er meg til Avskygging, for du fatar ikkje det, som høyrer Gud til, men det, som høyrer Menneskjom til."
24 Daa sagde Jesus til sine Læresveinar: „Dersom nokon vil koma etter meg, han avsegje seg sjølv og take Krossen sin og fylgje meg.
25 For den, som vil berga sitt Liv, han skal missa det; men den, som misser sitt Liv fyre mi Skuld, han skal sinna det.
26 For kvat Gagn heve ei Menneskja, um ho vinn al Verdi, men tek Skade paa si Saal? elder kvat kan ei Menneskja giva til Vederlag fyre si Saal?
27 For Menneskjesonen skal koma i sin Faders Herlegdom med Englom sine og daa skal han vederleggja kvar ein etter hans Gjerning.
28 Sannelege segjer eg dykker : Det er nokre av deim, som standa her, som ikkje slulo smaka Dauden, fyrr dei sjaa Menneskjesonen koma i sitt Rike."

17de Kapitlet.


1 Seks Dagar der etter tek Jesus Petrus og Jakob og Johannes, Broder hans, med seg og fører deim avsides upp paa eit høgt Berg.