Side:Nye testamente (1889).djvu/333

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Kriſto Jeſu i det, ſom høyrer Gud til.
18 For eg vil ikkje vaaga meg til aa tala um Annat enn det, ſom Kriſtus heve verkat ved meg til aa føra Heidningarne til Lydnad, ved Ord og Gjerning,
19 ved Krafti av Teikn og Under, ved Krafti av Guds Ande, ſo eg fraa Jeruſalem og rundt ikring alt til Illyria heve fullt kunngjort Kriſti Evangelium,
20 men daa ſoleides, at eg ſette mi Æra i aa forkynna Evangeliet, ikkje der ſom Kriſtus alt var nemnd, at eg ikkje ſkulde byggja paa framand Grunnvoll,
21 men, ſom ſkrivet er: „Dei, ſom inkje er kunngjort um honom, ſkulo ſjaa, og dei ſom ikkje hava høyrt, ſkulo ſkyna.“
22 Dermed er eg og jamnaſte vorten hindrad fraa aa koma til dykker.
23 Men no, daa eg ikkje lenger heve Rom i desſe Landslag, men i mange Aar heve lengtat etter aa koma til dykker,
24 no vil eg, naar eg fer til Spania, koma til dykker; for eg vonar aa ſjaa dykker paa Gjenomferdi og faa Fylgjeſkap av dykker dit, naar eg fyrſt i nokon Mun heve fenget mitt Nøgje av dykker.
25 Men no fer eg til Jeruſalem i ei Ærend fyre dei Heilage.
26 For Makedonia og Akaja hava funnet fyre godt aa gjera eit Samanſkot til dei Fatige millom dei Heilage i Jeruſalem.
27 Dei hava funnet ſo fyre godt, og dei ero og deira Skuldmenner; for naat Heidningarne hava fenget Lut i deira andelege gode Ting, ſo ero dei og ſkulduge til aa tena deim med dei timelege.
28 Naar eg daa heve fullført dette og trygt fenget denne Frukt i deira Hender, ſo vil eg fara derfraa gjenom dykkar Land til Spania.
29 Men eg veit, at naar eg kjem til dykker, ſo vil eg koma med ei Fylla med Velſigning av Kriſti Evangelium.
30 Men eg aaminner dykker, Brøder, ved vaar Herre Jeſus Kriſtus og ved Andens Kjærleike, um aa ſtrida med meg i Bøner fyre meg til Gud,
31 at eg maa ganga fri fyre dei Vantruande i Judæa og mi Ærend til Jeruſalem verta dei Heilage til Hugnad,
32 ſo eg kann koma til dykker meg Gleda, um Gud ſo vil, og kvikaſt up i Samvære med dykker.
33 Men den Gud, ſom giv Freden, vere med dykker alle! Amen.