Side:Nye testamente (1889).djvu/332

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


av Tru; men Alt, ſom ikkje er av Tru, det er Synd.

15de Kapitlet.

 Men me, ſom ero ſterke, me ero ſkulduge til aa bera Vanſtyrken hjaa dei Veike og ikkje vera oſs ſjølve til Hugnad.
2 Kvar av oſs vere Næſten til Hugnad til det Gode, til Uppbygging!
3 For Kriſtus livde helder ikkje ſeg ſjølv til Hugnad, men ſom ſkrivet er: „Hædningarne deira, ſom hæda deg, dei fall paa meg.“
4 For Alt, ſom fyrr er ſkrivet, det er ſkrivet oſs til Lærdom, at me ſkulo hava Von ved det Tolmøde og den Trøyſt, ſom Skrifterna giva.
5 Men den Gud, ſom giv Tolmødet og Trøyſti, han give, at de maa vera ſamlynde med kvarandre etter Kriſti Jeſu Vilje,
6 ſo de ſamheldige, med ein Munn, kunna priſa Gud og vaar Herre Jeſu Kriſti Fader!
7 Difyre, take ved Kvarandre, likſom og Kriſtus tok ved oſs til Guds Æra.
8 Men eg ſegjer, at Jeſus Kriſtus er vorten ein Tenar fyre dei Umſkorne, fyre Guds Sannleike, til aa ſtadfeſta Lovnadarne til Federne;
9 men at Heidningarne ſkulo priſa Gud fyre Miskunn, ſom ſkrivet er: „Difyre vil eg priſa deg millom Heidningar og lovſyngja ditt Namn.“
10 Og atter ſegjer Skrifti: „Fagne dykker, Heidningar, ſaman med hans Folk!“
11 Og atter: „Love Herren, alle Heidningar! og priſe honom, alle Folk!“
12 Og atter ſegjer Eſaias: „Det ſkal vera Roti av Iſai og han, ſom reiſer ſeg til aa raada yver Heidningom; paa honom ſkulo Heidningarne vona.“
13 Men den Gud, ſom giv Von, han fylle dykker med all Gleda og Fred i Trui, at de kunna vera rike paa Von ved Krafti av den Heilage Ande!
14 Men eg er og ſjølv fullvisſad um dykker, mine Brøder! at de og ero fulle av Godleike, fyllte med all Kunnſkap, og føre ogſo til aa aaminna kvarandre.
15 Men endaa heve eg til Deils ſkrivet nokot djervt til dykker, Brøder! med di eg atte vilde aaminna dykker, etter den Naade, ſom er meg gjeven av Gud,
16 at eg ſkal vera Jeſu Kriſti Altartenar fyre Hedningarne og embætta ſom Preſt med Guds Evangelium, at Ofret av Heidningom maa verta vellikat, helgat ved den Heilage Ande.
17 Difyre heve eg Ros i