Side:Nye testamente (1889).djvu/331

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


6 Den, ſom mæter Dagen, gjerer det fyre Herren; og den ſom ikkje mæter Dagen, gjerer det fyre Herren. Den, ſom et, gjerer det fyre Herren, for han takkar Gud; og den, ſom ikkje et, gjerer det fyre Herren og takkar Gud.
7 For Ingen av oſs liver fyre ſeg ſjølv, og Ingen døyr fyre ſeg ſjølv;
8 for um me liva, ſo liva me fyre Herren, og um me døy, ſo døy me fyre Herren; ſo anten me liva elder dø, høyra me Herren til.
9 For dertil døydde Kriſtus og ſtod upp og vart livande atter, at han ſkulde vera Herre baade yver Daude og Livande.
10 Men du, kvi dømer du Broder din? elder du, kvi mismæter du Broder din? for me ſkulo alle verta framførde fyre Kriſti Domſtol.
11 For det er ſkrivet: „So ſannt ſom eg liver, ſegjer Herren, ſo ſkal kvart Kne bøygjaſt fyre meg, og kvar Tunga ſkal lova Gud.“
12 So ſkal daa kvar og ein av oſs gjera Gud Rekneſkap fyre ſeg ſjølv.
13 Difyre, lat oſs ikkje lenger døma kvarandre, men døme helder ſo, at de ikkje maa leggja Støyt elder Avſtygging fyre Broder dykkar!
14 Eg veit og er viſs paa det i Herren Jeſus, at ingen Ting er urein i ſeg ſjølv; men fyre den; ſom held Nokot fyre ureint, fyre honom er det ureint.
15 Men derſom Broder din vert harmad ved din Mat, ſo fer du ikkje lenger fram i Kjærleike. Fortjona ikkje ved din Mat den; ſom Kriſtus er daud fyre!
16 Lat daa ikkje Eignaluten dykkar verta ſpottad!
17 For Guds Rike er ikkje Eting og Drikking, men Rettferd, Fred og Gleda i den Heilage Ande.
18 For den, ſom tener Kriſtus deri, han er vellikad av Gud og godkjend av Menneſkjom.
19 Lat oſs difyre traa etter det, ſom tener til Fred og Uppbygging innbyrdes!
20 Riv ikkje Guds Verk ned fyre Mats Skuld! Alt er vel reint, men det er vondt fyre den Menneſkja, ſom et med Samvitsſtøyt.
21 Det er godt aa ikkje eta Kjøt elder drikka Vin elder gjera Nokot; ſom Broder din ſtøyteſt elder ſtyggjeſt elder vanſtyrkjeſt ved.
22 Du heve Tru; hav henne hjaa deg ſjølv fyre Gud! Sæl er den, om ikkje dømer ſeg ſjølv i det, ſom han finn fyre godt.
23 Men den Tvilande — derſom han et, ſo er han fordømd, fyredi det ikkje er gjort