Side:Nye testamente (1889).djvu/330

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


magti, ſo gjer det Gode, og du ſkal hava Ros av henne;
4 for ho er Guds Tenar, deg til Gode. Men gjerer du det Vonde, ſo ræddaſt! for ho ber ikkje Sverdet fyre inkje; for ho er Guds Tenar, ein Hemnar til Vreide yver den, ſom gjerer det Vonde.
5 Difyre er det naudſynlegt aa vera lydug, ikkje berre fyre Vreidens Skuld, men og fyre Samvitet.
6 Difyre leggja de daa og Skatt; for dei ero Guds Tenarar, ſom juſt taka Vare paa dette.
7 Give daa Alle det, de ero deim ſkulduge: den Skatt, ſom Skatt ſkal hava, den Toll, ſom Toll ſkal hava, den Age, ſom Age ſkal hava, den Æra, ſom Æra ſkal hava.
8 Verte Ingen nokot ſkulduge, utan det aa elſka kvarandre; for den, ſom elſkar den Andre, heve uppfyllt Logi.
9 For det Ord: Du ſkal ikkje driva Hor, du ſkal ikkje ſlaa i Hel, du ſkal ikkje ſtela, du ſkal ikkje bera falſkt Vitne, du ſkal ikkje lyſta, og um der er nokot annat Bodord, det vert atter ſamanteket til eitt i dette Ord: du ſkal elſka Næſten din ſom deg ſjølv.
10 Kjærleiken gjerer Næſten inkje Vondt; difyre er Kjærleiken Uppfylling av Logi.
11 Og dette gjeld det um no, daa me kjenna Tidi, at Timen er komen, daa me ſkulo vakna upp or Svevne; for Frelſa er oſs nærre no, enn daa me tok ved Trui.
12 Det lid med Natti, og det ſtundar til Dag; lat oſs daa leggja Verki fraa Myrkret av og taka Vaapen fyre Ljoſet paa!
13 Lat oſs ferdaſt ſømelege ſom um Dagen, ikkje i Svir og Drykk, ikkje i Lauslivnad og Utugt, ikkje i Kiv og Ovund.
14 Men iklæde dykker Herren Jeſus Kriſtus, og gjere dykker ikkje Umſut fyre Kjøtet til aa vekkja Lyſter!

14de Kapitlet.

 Men take vel ved den, ſom er veik i Trui, utan aa døma Tankarne hans!
2 Den Eine heve Tru til aa eta alle Slag; men den Veike et berre Urter.
3 Den, ſom et, mismæte ikkje den; ſom ikkje et; og den, ſom ikkje et, døme ikkje den, ſom et; for Gud heve vedteket honom.
4 Kven er du, ſom dømer ein framand Dreng? Han ſtend elder fell fyre ſin eigen Herre; men han ſkal verta ſtandande; for Gud er megtug til aa halda honom uppe.
5 Den Eine held ein Dag hæv framfyre ein annan; den Andre held alle Dagar like; kvar vere fullviſs i ſin eigen Hug!