Side:Nye testamente (1889).djvu/329

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


oſs, um me hava Profetgaava, bruka henne i Samhøve med vaar Tru;
7 elder um me hava ei Teneſta, ſo lat oſs taka Vare paa Teneſta; elder um Ein er Lærar, paa Lærdomen;
8 elder um Ein er Fyreteljar, paa Fyretola; den, ſom etlar ut, gjere det i god Tru; den, ſom er Fyreſtandar, vere det med Umhug; den, ſom er Fyreſtandar, vere det med Umhug; den, ſom gjerer Miskunn, gjere det med Blidlæte!
9 Kjærleiken vere utan Fals, ſtyggjeſt ved det Vonde, halde faſt ved det Gode!
10 Vere venelſkne med kvarandre i Broderkjærleike; kvar ſøkje aa vera fremſt i Vyrdnad fyre kvarandre!
11 Vere ikkje kjølne i dykkar Ihuge, vere brennande i Anden, tene Herren!
12 Vere glade i Voni, toluge i Trengſla, trottuge i Bøni!
13 Syne Samhug med dei Heilage i deira Trong; vere gjerna gjeſtmlide!
14 Velſigne deim, ſom forfylgja dykker; velſigne og banne ikkje!
15 Gledje dykker med dei Glade, og graate med dei Graatande!
16 Vere ſamlynde med kvarandre; traa ikkje etter det Høge, men halde dykker gjerna til det Laage; verte ikkje ſjølvkloke!
17 Give ikkje Nokon Vondt fyre Vondt; leggje Vinn paa Godt fyre alle Manns Aaſyn!
18 So framt det er moglegt, ſo halde Fred med alle Menneſkjor, der ſom det ſtend til dykker!
19 Hemne dykker ikkje ſjølve, mine Elſkade! men give Vreiden Umrøme; for det er ſkrivet: „Hemnen høyrer meg til; eg vil gjera Heimgjeld, ſegjer Herren.“
20 Derſom daa Fienden din hungrar ſo giv honom aa eta; derſom han tyrſter, ſo giv honom aa drikka; for naar du gjerer det, hopar du gloande Kol paa Hovudet hans.
21 Lat ikkje det Vonde yvervinna deg; men yvervinn det Vonde med det Gode!

13de Kapitlet.

 Kvar Menneſkja vere dei fyreſette Styremagter lydug! for der er ikkje Styremagt utan av Gud; men dei Styremagter, ſom ero, dei ero ſkipade av Gud;
2 ſo at den, ſom ſet ſeg imot Styremagti, han ſtend Guds Skipnad imot; men dei, ſom ſtanda imot, ſkulo faa ſin Dom.
3 For dei Styrande ero ikkje til Rædſla fyre gode Gjerningar, men fyre vonde. Vil du daa ikkje ræddaſt fyre Styre-