Side:Nye testamente (1889).djvu/328

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


ikkje ſkulo tykkjaſt dykker ſjølv kloke): at Forherding til Deils er komi yver Israel, til deſs at Fullnaden av Heidningom er komen inn,
26 og ſo ſkal heile Israel verta frelſt; ſom ſkrivet er: „Fraa Sion ſkal Frelſaren koma og rydja Gudsløyſa burt fraa Jakob;
27 og dette er mi Pakt med deim, naar eg tek deira Synder burt.“
28 Etter Evangeliet ero dei vel Fiendar fyre dykkar Skuld; men etter Utvalet ero dei elſkade fyre Federne Skuld;
29 for Naadegaavorna og Kallet angrar Gud ikkje.
30 For likſom de fyrr var ulyduge imot Gud, men no hava fenget Miskunn ved deira Ulydnad,
31 ſo ero dei og no vortne ulyduge dertil, at dei og ſkulo ſaa Miskunn ved den Miskunn, ſom er dykker gjevi;
32 for Gud heve yvergjevet deim alle til Ulydnad, at han kunde miskunna deim alle.
33 Aa det Djup av Rikdom og Visdom og Kunnſkap i Gud! kor uranſakelege hans Domar ero, og kor urekkjande hans Vegar!
34 For kven kjende Herrens Hug, elder kven var Naadgivaren hans?
35 Elder kven gav honom nokot fyreaat, ſo det maatte verta honom vederlagt?
36 For av honom og ved honom og til honom ero alle Ting. Honom vere Æra i all Æva! Amen.

12de Kapitlet.

 So aaminner eg dykker, Brøder, ved Guds Miskunn, um aa framføra dykkar Likamar til eit Offer, ſom er livande, heilagt og huglegt fyre Gud, — dette er dykkar andelege Gudsteneſta;
2 og lage dykker ikkje likt med denne Verdi, men umlageſt ved Nyſkaping av Hugen dykkar, ſo de kunna prøva, kvat ſom er Guds Vilje: det Gode, Huglege og Fullkomne.
3 For ved den Naade, ſom er meg gjeven, ſegjer eg til kvar og ein millom dykker, at han ikkje ſkal tenkja høgre um ſeg, enn han byr tenkja, men tenkja ſo, at han er bljugtenkt, etter ſo ſom Gud heve tiletlat kvar ſitt Maat av Tru.
4 For likſom me hava mange Limer paa ein Likam, men ikkje alle Limerne hava den ſame Gjerning,
5 ſoleides ero me Mange ein Likam i Kriſto, men kvar fyre ſeg ero me kvarannans Limer.
6 Og saa me hava ymſe Naadegaavor alt etter den Naade, ſom er oſs gjeven, ſo lat