Side:Nye testamente (1889).djvu/327

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Augo, som ikkje sjaa, og Øyro som ikkje høyra, til den Dag i Dag.“
9 Og David segjer: „Lat Bordet deira verta deim til ei Snara og ei Gildra og ei Fella og ei Attergjeld!
10 Lat Augo deira formyrkjast, so dei ikkje sjaa, og bøyg alltid Ryggen deira!“
11 Eg segjer difyre: Snaavade dei daa dertil, at dei skulde falla? Langt derifraa! men ved deira Fall er Frelsa komi til Heidningarne, at desse skulde vekkja deim til Kapphug.
12 Men dersom deira Fall er Rikdom fyre Verdi, og deira Fraagang Rikdom fyre Heidningarne, kor myket meir skal daa deira Fullnad vera det?
13 For til dykker, Heidningar, talar eg. Med di eg er Heidningapostel, heidrar eg mitt Embætte,
14 um eg daa kunde vekkja mi Ætt til Kapphug og frelsa nokre av deim.
15 For dersom deira Burtkasting er Soning fyre Verdi, kvat annat er daa deira Mottaking enn Liv av Daude?
16 Men er Fyrstegrøda heilag, so er Deigi det og, og er Roti heilag, so ero Greinerna det og.
17 Men um no sume av Greinom ero avbrotne, og du, som var ein vill Oljekvist, vart innsett imillom deim og vart luthavande i Roti og Feita paa Oljetreet,
18 so rosa deg ikkje imot Greinerna; men um du rosar deg, so er det daa ikkje du, som ber Roti, men det er Roti, som ber deg.
19 Du vil daa segja: „Greinerna vart avbrotne fyre di, at eg skulde verta innsett.“
20 Ja vel nog! Ved Vantru vart dei avbrotne, men du stend ved Tru; høgmodast ikkje, men ottast!
21 For dersom Gud ikkje sparde dei naturlege Greinerna, so vil han visst ikkje spara deg helder.
22 Sjaa daa Guds Godleike og Strengleike: Strengleiken imot deim, som ero fallne, men Godleiken imot deg, so framt du held fast paa Godleiken; elles skal du og verta avhoggen.
23 Men hine skulo og verta innsette, dersom dei ikkje halda fram i Vantrui; for Gud er megtug til aa innsetja deim atter.
24 For dersom du vart avhoggen av det naturlege ville Oljetre og imot Naturi innsett i eit godt Oljetre, kor myket helder skulo daa dei, som av Naturi var Greiner, verta innsette i sitt eiget Oljetre!
25 For eg vil ikkje, Brøder! at de skulo vera uvitande um denne Løyndomen (so de