Side:Nye testamente (1889).djvu/326

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


kalla den, ſom dei ikkje hava trutt paa? og kor ſkulo dei tru paa den, dei ikkje hava høyrt um? og kor ſkulo dei høyra utan der er Nokon, ſom forkynner?
15 og kor ſkulo dei forkynna, utan dei verta utſende? ſom ſkrivet er: „Kor fagre Føterne deira ero, ſom forkynna Fred, ſom bera godt Bod!“
16 Men ikkje alle lydde det gode Bodet; for Eſaias ſegjer: „Herre, kven trudde Bodſkapen vaar?“
17 So kjem daa Trui av Høyringi, men Høyringi ved Guds Ord.
18 Men eg ſegjer: Hava dei daa ikkje høyrt det? Jau til Visſa: „Røyſti deira gjekk ut yver all Jordi, og Ordi deira til Heimſens Endar.“
19 Men eg ſegjer: Var Israel daa uvitande um det? Fyrſt ſegjer Moſes: „Eg vil gjera dykker aabrydne paa det, ſom ikkje er Folk; paa eit uvitugt Folk vil eg gjera dykker harme.“
20 Og Eſaias vaagar ſeg til aa ſegja: „Eg vart funnen av deim, ſom ikkje ſøkte meg; eg ſynte meg fyre deim, ſom ikkje ſpurde etter meg.“
21 Men um Israel ſegjer han: „Eg rette all Dagen mine Hender ut til eit ulydugt og gjenordigt Folk.“

11te Kapitlet.

 Eg ſegjer difyre: Heve Gud daa utſkotet ſitt Folk? Langt derifraa! for eg er og ein Israelit, av Abrahams Ætt, av Benjamins Ættgrein.
2 Gud heve ikkje utſkotet ſitt Folk, ſom han fyreaat kjende. Elder vita de ikkje, kvat Skrifti ſegjer um Elias? korleides han ſtig fram fyre Gud imot Israel, ſegjande:
3 „Herre! Profetarne dine drap dei, og Altari dine reiv dei ned, og eg vart aaleine atter, og dei ſtanda meg etter Livet.“
4 Men kvat ſegjer det guddomlege Svar til honom? „Eg leivde meg ſjau Tuſund Mann, ſom ikkje bøygde Kne fyre Ba’al.“
5 Soleides er daa og i denne Tid ein Leivning etter Naadens Utval vorten atter.
6 Men er det av Naade, ſo er det ikkje lenger av Gjerningar: elles vert Naaden ikkje lenger Naade; og er det av Gjerningar, ſo er det ikkje lenger Naade: elles er Gjerningi ikkje lenger Gjerning.
7 Kvat ſo? Det Israel traattar etter, heve det ikkje naatt; men dei Utvalde hava naatt det; dei Andre ero forherde;
8 ſom ſkrivet er: „Gud gav deim ein Dauvſkaps Ande,