Side:Nye testamente (1889).djvu/325

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Rettferd; for eit snøgt avgjort Ord skal Herren utføra paa Jordi.“
29 Og som Esaias fyrr heve sagt: „Hadde ikkje Herren Sebaot leivt oss eit Sæde, so var me vortne som Sodoma og vortne like med Gomorra.“
30 Kvat skulo me daa segja? At Heidningarne, som ikkje søkte Rettferd, dei vann Rettferd, men Rettferdi av Tru;
31 men Israel derimot, som søkte Rettferds Log, dei vann ikkje fram til Rettferds Log.
32 Kvifyre so? Fyredi dei ikkje søkte henne ved Tru, men so som ved Loggjerningar; for dei støytte seg paa Støytesteinen;
33 som skrivet er: „Sjaa, eg set i Sion ein Stein til Støyt og eit Berg til Avstygging, og kvar den, som trur paa honom, skal ikkje verta til Skammar.“

10de Kapitlet.

 Brøder! Mitt Hjartans Ynskje og mi Bøn til Gud er fyre Israel um Frelsa.
2 For eg giv deim det Vitnesmaal, at dei hava Ihuge fyre Gud, men ikkje med Skynsemd.
3 for daa dei ikkje kjende Guds Rettferd, men strævade etter aa grunna si eigi Rettferd, so gav dei seg ikkje under Guds Rettferd.
4 For Kristus er Endemaalet fyre Logi til Rettferd fyre kvar den, som trur.
5 For Moses skriv um den Rettferd, som er av Logi: „Den Menneskja, som gjerer desse Ting, skal liva ved deim.“
6 Men den Rettferd, som er av Tru, segjer so: „Seg ikkje i ditt Hjarta: kven skal fara upp til Himmels?“ (det er: til aa føra Kristus ned);
7 „elder: kven skal fara ned i Avgrunnen?“ (det er: til aa føra Kristus upp fraa dei Daude).
8 Men kvat segjer ho? „Ordet er deg nær, i din Munn og i ditt Hjarta;“ det er Ordet um Tru, som me forkynna.
9 For dersom du vedkjennest Herren Jesus med din Munn og trur i ditt Hjarta, at Gud vekte honom upp fraa dei Daude, so skal du verta frelstt;
10 for med Hjartat trur Ein til Rettferd, og med Munnen vedkjennest Ein til Frelsa.
11 For Skrifti segjer: „Kvar den, som trur paa honom, skal ikkje verta til Skammar;“
12 for der er ingen Skilsmun paa Jøde og Grekar; for Alle hava den same Herre, som er rik nog fyre Alle, som paakalla honom.
13 „For kvar den, som paakallar Herrens Namn, skal verta frelst.“
14 Kor skulo dei daa paa-