Side:Nye testamente (1889).djvu/334

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


16de Kapitlet.

 Men eg bed um dykkar Godvilje fyre Føde, Syſter vaar, ſom er Teneſtekvinna fyre Kyrkjelyden i Kenkrea,
2 at de maa taka vel ved henne i Herren, ſom det ſømer dei Heilage, og ſtydja henne med Alt, ſom ho treng til av dykker; for ho heve og voret til Studnad fyre Mange, og fyre meg ſjølv med.
3 Helſe Priſkilla og Akvilas, mine Medverkarar i Kriſto Jeſu,
4 ſom hava vaagat ſitt eiget Liv fyre mitt, — ſom ikkje berre eg takkar, men og alle Kyrkjelydar av Heidningom;
5 og helſe Kyrkjelyden i deira Hus. Helſe Epænetus, min Elſkade, ſom er Fyrſtegrøda av Akaja fyre Kriſtus.
6 Helſe Maria, ſom heve arbeidt myket fyre oſs.
7 Helſe Andronikus og Junias, mine Skyldfolk og Medfangar, ſom ero namngjetne millom Apoſtlom, ſom og fyrr meg ero komne til Kriſtus.
8 Helſe Amplias, min Elſkade i Herren.
9 Helſe Urbanus, vaar Medverkar i Kriſto, og Stakys, min Elſkade.
10 Helſe Apelles, den Velrøynde i Kriſto. Helſe deim, ſom høyra til Ariſtobulus’ Hus.
11 Helſe Herodion, Skyldingen min. Helſe deim, av Narkisſus’ Hus, ſom ero i Herren.
12 Helſe Tryfæna og Tryfoſa, ſom hava arbeidt i Herren. Helſe Perſis, den Elſkade, ſom heve arbeidt myket i Herren.
13 Helſe Rufus, den Utvalde i Herren, og hans og mi Moder.
14 Helſe Aſynkritus, Flegon, Hermas, Patrobas, Hermes og Brøderne hjaa deim.
15 Helſe Filologus og Julia, Nereus og Syſter hans og Olympas og alle dei Heilage hjaa deim.
16 Helſe kvarandre med ein heilag Kyſs. Kriſti Kyrkjelydar helſa dykker.
17 Men eg aaminner dykker, Brøder, um aa gjæta paa deim, ſom valda Tvidrætte og Avſtyggingar imot den Lærdomen, ſom de hava lært, og halde dykker fraa deim!
18 For ſlike tena ikkje vaar Herre Jeſus Kriſtus, men ſin eigen Buk, og med ſmjugande Ord og ſmeikjande Tale daara dei Hjarto paa dei Godtrugne.
19 For Ordet um dykkar Lydna er komet utyver til Alle; difyre gled eg meg yver dykker; men eg ynſkjer, at de ſkulo vera viſe til det Gode, men reine fyre det Vonde.
20 Men den Gud, ſom giv Freden, ſkal braadt knyſja Satan under Føterne dykkar. Vaar