Side:Nye testamente (1889).djvu/33

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


marki, at me kunde metta so myket Folk?"
34 Og Jesus segjer til deim: „Kor mange Braud hava de?" Men dei fagde: „Sjau, og nokre faa smaa Fiskar."
35 Og han baud Folket setja seg ned paa Jordi.
36 Og han tok dei sjau Braudi og Fiskarne, takkade og braut deim og gav deim til Lere fveinarne, men Læresveinarne til Folket.
37 Og dei aat allesaman og vart mette; og dei tok det, som vart atter av Smulom, sjau Korger fulle.
38 Men dei, som hadde etet, var fire tusund Menner, umfram Kvinnor og Born.
39 Og daa han hadde fenget Folket avstad, steig han i Baaten og kom til Magdala Land.

16de Kapitlet.


1 Farisæarne og Sadducæarne gjekk fram, freistade honom og bad honom syna deim ei Teikn ifraa Himmelen.
2 Men han svarede og sagde til deim: „Naar det vert Kveld, so segjer de: det vert ein fager Dag; for Himmelen er raud;
3 og um Morgonen: det vert Ulveder i Dag; for Himmelen er raud og myrk. Skrymtarar! Himmelsbragdi vita de vel aa døma um; men um Tidarteikni kunna de ikkje døma!
4 Ei vond og horsam Ætt søkjer Teikn; og Teikn stal ikkje verta henne gjevet utan Profeten Jonas’ Teikn." Og han skildest ifraa deim og gjekk burt.
5 Og daa Læresveinarne hans kom paa andre Sida, hadde dei gløymt aa taka Braud med.
6 Men Jesus sagde til deim: „Sjaa til og vare dykker fyre Surdeigen til Farisæarne og Sadducæarne!"
7 Men dei tenkte ved seg sjølve og sagde : „Aa, det er fyredi me ikkje tok Braud med."
8 Men daa Jesus visste det, sagde han til deim: „Kvi tenkja de soleides hjaa dykker sjølve, de Faatruande, at det er fyredi de ikkje tok Braud med?
9 Skyna de ikkje enno? minnast de korkje dei fem Braud imillom dei fem Tusund? og kor mange Korger de daa tok upp?
10 elder dei sjau Braud imillom dei fire Tusund? og kor mange Korger de daa tok upp?
11 Korleides skyna de ikkje, at det var ikkje um Braud eg sagde, at de skulde vara dykker fyre Surdeigen til Farisæarne og Sadducæarne?"
12 Daa skynade dei, at han ikkje hadde sagt, at dei skulde vara seg fyre Surdeigen i Braudet, men fyre Lærdomen til Farisæarne og Sadducæarne.
13 Men daa Jesus var komen til Bygdi ved Cæsarea Filippi, spurde han Læresveinarne sine og