Side:Nye testamente (1889).djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

sagde til honom: „Uttyd oss denne Liknaden!"
16 Men Jesus sagde til deim : „Ero de og enno skynlause?
17 Skyna de ikkje enno, at alt det, som gjeng inn i Munnen, kjem ned i Magen og gjeng ut igjenom Avlaupet?
18 Men det, som gjeng ut or Munnen, det kjem or Hjartat, og det vanhelgar Menneskja.
19 For utor Hjartat koma: Vonde Tankar, Mord, Lauslivnad, Hor, Tjuvskap, Meineid, Spottingar.
20 Dette er det, som vanhelgar Menneskja; men aa eta med uvaskade Hender, det vanhelgar ikkje Menneskja."
21 Og Jesus gjekk burt der ifraa og kom til Grenderna ved Tyrus og Sidon.
22 Og sjaa, ei kananæisk Kvinna ifraa dei sama Grender kom og ropte paa honom og fagde: „Herre, Davids Son, miskunna meg! Dotter mi er plaagad illa av ein vond Ande!"
23 Men han svarade henne ikkje eit Ord. Og Læresveinarne hans kom til honom og bad honom og sagde : „Skil deg av med henne, for ho ropar etter oss!"
24 Men han svarade og sagde : „Eg er ikkje utsend utan til dei forvillte Sauderne av Israels Hus."
25 Men ho kom og tilbad honom og sagde: „Herre, hjelp meg!"
26 Men han svarede og sagde : „Det sømer seg ikkje aa taka Braudet fraa Bornom og kasta det fyre Hundom."
27 Men ho sagde: „Ja vist Herre, for og dei smaa Hundarne eta av dei Smulom, som falla ifraa Bordet hjaa deira Herrar."
28 Daa svarede Jesus og sagde til henne: „Kvinna! Di Tru er stor. Det gange deg so, som du vil!" Og Dotter hennar vart lækt fraa den same Timen.
29 Og Jesus gjekk der ifraa og kom til Galilæa-Sjøen; og han gjekk upp paa Berget og sette seg der.
30 Og myket Folk kom til honom, og hadde med seg Halte, Blinde, Maallause, Kryplingar og mange Andre; og dei lagde deim ned fyre Jeus Føter, og han lækte deim,
31 so at Folket undrade seg, daa dei saag dei Maallause talande, Kryplingarne friske, dei Halte gangande og dei Blinde sjaa-ande, og dei lovade Israels Gud.
32 Men Jesus kallade sine Lærefveinar til seg og sagde: „Eg ynkast yver Folket; for dei hava no alt drygt hjaa meg i tri Dagar og hava ikkje nokot aa eta; og lata deim fara fastande, det vil eg ikkje, at dei ikkje skulo ormegtast paa Vegen."
33 Og Læresveinarne hans sagde til honom: „Kvar ifraa skulo me faa so mange Braud i Øyde-