Side:Nye testamente (1889).djvu/323

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

til dette? Er Gud med oss, kven er daa imot oss?
32 Han, som ikkje sparde sin eigen Son, men gav honom fyre oss alle, kor skulde han ikkje og giva oss alle Ting med honom?
33 Kven vil klaga Guds Utvalde? Gud er den, som rettferdiggjerer.
34 Kven er den, som fordømer? Kristus er den, som fordømer? Kristus er den, som er daud, ja endaa meir, som og er uppvekt, som og er ved Guds høgre Hand, som og gjeng i Bøn fyre oss.
35 Kven skal skilja oss fraa Kristi Kjærleike? Trykk elder Trengsla elder Forfylging elder Hunger elder Klædeløysa elder Faare elder Sverd?
36 som skrivet er: „Fyre di Skuld verta me drepne all Dagen; me vart reknade som Slagtesauder.“
37 Men i alt dette sigra me storom ved honom, som elskade oss.
38 For eg er viss paa, at korkje Daude elder Liv, korkje Englar elder Herrevelde elder Magter, korkje det Noverande elder de Tilkomande,
39 korkje Høgs elder Dypt elder nokon annan Skapning skal kunna skilja oss fraa Guds Kjærleike i Kristo Jesu, vaar Herre.

9de Kapitlet.

 Eg segjer Sanning i Kristo, eg lyg ikkje, daa mitt Samvit vitnar med meg i den Heilage Ande,
2 at eg heve ei stor Sorg og ein stendig Verk i mitt Hjarta.
3 For eg vilde ynskja, at eg sjølv var bannstøytt fraa Kristo fyre Brøderne mine, Skyldingarne mine etter Kjøtet,
4 dei, som ero Israelitar, som hava Barnakoret og Herlegdomen og Pakterna og Loggivningi og Gudstenesta og Lovnadarne,
5 som hava Federne, og som Kristus er ættad fraa etter Kjøtet, han som er Gud yver alle Ting, velsignad i all Æva, Amen!
6 Det er daa ikkje so, at Guds Ord skulde hava misfallet; for ikkje alle dei ero Israel som ero ættade fraa Israel;
7 og ikkje ero Alle Abrahams Born, fyredi um dei ero hans Ætt; men det er skrivet: „I Isak skal verta kallad deg Ætt;“
8 det er: ikkje Borni etter Kjøtet ero Guds Born; men Borni etter Lovnaden verta reknade honom til Ætt.
9 For dette er eit Lovnadsord: „Ved denne Tid vil eg koma, og daa skal Sara hava ein Son.“
10 Men ikkje berre det;