Side:Nye testamente (1889).djvu/322

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


ſom de døyda Likamens Gjerningar ved Anden, ſkulo de liva.
14 For ſo Mange, ſom verta drivne av Guds Ande, dei ero Guds Born.
15 For de fekk ikkje ein Tældoms Ande til Ræddhug atter; men de fekk ein Barnakors Ande, og ved honom ropa me: Abba, Fader!
16 Anden ſjølv vitnar med vaar Ande, at me ero Guds Born.
17 Men ero me Born, ſo ero me og Ervingar, det er: Guds Ervingar og Kriſti Medervingar, ſo framt me lida med honom, at me og ſkulo verta herleggjorde med honom.
18 For eg held ſo fyre, at Lidingarne i den noverande Tid ikkje ero vyrdande imot den Æra, ſom ſkal openberraſt paa oſs.
19 For Skapninger ſtundar med Lengting etter Openberringi av Guds Born;
20 for Skapningen er lagd under Veſaldomen, ikkje godviljug, men etter Viljer hans, ſom lagde honom derunder,
21 i Von um, at Skapningen og ſkal verta frigjord fraa Trældomen under Tunſla til Fridomen i Æra med Guds Born.
22 For me vita, at all Skapningen ſukkar ſaman og verkjer ſaman alt til deſa;
23 ja ikkje berre det, men me og, ſom hava Fyrſtegrøda av Anden, jamvel me ſukka med oſs sjølve, medan me ſtunda etter Barnakoret, vaar Likams Utløysning.
24 For i Voni vart me frelſte; men ei Von; for kvi ſkulde Ein vona det, ſom han ſer?
25 Men derſom me vona det, me ikkje ſjaa, ſo ſtunda me deretter med Tolmøde.
26 Men ſameleides kjem og Anden vaar Vanmagt til Hjelp; for me vita ikkje, kvat me ſkulo beda um, ſo ſom det turvteſt; men Anden ſjølv gjeng i Bøn fyre oſs med uſegjelege Sukkar;
27 men han, ſom ranſakar Hjarto, veit kvat Anden meiner; for etter Guds Vilje gjeng han i Bøn fyre dei Heilage.
28 Men me vita, at alle Ting lagaſt deim til Gode, ſom elſka Gud, deim ſom etter hans Raadgjerd ero kallade.
29 For deim, ſom han fyreaat kjende, deim forade han og fyreaat til aa verta tilſkapade etter hans Sons Bilæte, at han ſkulde vera den fyrſtefødde millom mange Brøder;
30 men deim, han fyreaat korade, deim kallade han og; og deim, han kallade, deim rettferdiggjorde han og; og deim, han rettferdiggjorde, deim herleggjorde han og.
31 Kvat ſkulo me daa ſegja