Side:Nye testamente (1889).djvu/321

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

vil, det gjerer eg ikkje; men det Vonde, som eg ikkje vil, det gjerer eg.
20 Men gjerer eg det, som eg ikkje vil, so gjerer ikkje eg det lenger, men Syndi, som bur i meg.
21 So finn eg daa den Log fyre meg, naar eg vil gjera det Gode, at det Vonde ligg meg fyre Handi;
22 for eg er glad i Guds Log etter den indre Menneskja;
23 men eg ser ei onnor Log i mine Limer, som strider imot Logi i min Hug og fangar meg under Syndalogi, som er i mine Limer.
24 Eg arme Menneskja! kven skal frigjera meg fraa denne Daudsens Likam?
25 Eg takkar Gud ved Jesus Kristus vaar Herre! So tener eg daa Guds Log med Hugen, men Syndalogi med Kjøtet.

8de Kapitlet.

 So er der daa ingi Fordøming fyre deim, som ero i Kristo Jesu, deim som ikkje fara etter Kjøtet, men etter Anden;
2 for Logi av Livsens Ande heve i Kristo Jesu frigjort meg fraa Logi av Syndi og Dauden.
3 For det, som var umoglegt fyre Logi, av di ho var magtlaus ved Kjøtet, det gjorde Gud, daa han sende Son sin i syndugt Kjøts Likning og fyre Syndi Skuld og fordømde Syndi i Kjøtet,
4 at Logkravet skulde verta fullnøgt i oss, som ikkje fara etter Kjøtet, men etter Anden.
5 For dei, som ero etter Kjøtet, traa etter det, som høyrer Kjøtet til; men dei, som ero etter Anden, traa etter det, som høyrer Anden til.
6 For Kjøtsens Traadom er Dauden; men Andens Traadom er Liv og Fred,
7 etterdi Kjøtsens Traadom er Fiendskap imot Gud; for det er ikkje Guds Log lydugt, ja det kann ikkje vera det helder;
8 og dei, som ero i Kjøtet, kunna ikkje tekkjast af Gud.
9 Men de ero ikkje i Kjøtet, men i Anden, so framt Guds Ande bur i dykker; men heve Ein ikkje Kristi Ande, so høyrer han ikkje honom til.
10 Men er Kristus i dykker, so er vel Likamen daud fyre Syndi, men Anden er Liv fyre Rettferdi.
11 Men dersom Anden hans, som vekte Jesus upp fraa dei Daude, bur i dykker, so skal han, som vekte Kristus upp fraa dei Daude, ogso gjera dykkar daudelege Likamar livande ved Anden sin, som bur i dykker.
12 Difyre, Brøder! standa me ikkje i Skuld til Kjøtet, so me skulde liva etter Kjøtet;
13 for dersom de liva etter Kjøtet, skulo de døy; men der-