Side:Nye testamente (1889).djvu/320

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
10


2 For den gifte Kvinna er bundi ved Logi til Mannen, alt medan han liver; men derſom Mannen døyr, er ho løyſt fraa Logi um Mannen.
3 Difyre ſkal ho kallaſt Horkona, um ho gifteſt med ein annan Mann, medan Mannen hennar liver; men derſom Mannen døyr, er ho fri fraa Logi, ſo ho ikkje ſkal vera Horkona, um ho gifteſt med ein annan Mann.
4 Soleides, mine Brøder, døydde de og fraa Logi med Kriſti Likam, at de ſkulde tilhøyra ein Annan, det er: honom, ſom er uppvekt fraa dei Daude, at me kunde bera Frukt fyre Gud.
5 For daa me var i Kjøtet, verkade dei ſynduge Lyſter, ſom vart vekte ved Logi, i vaare Limer, ſo me bar Frukt fyre Dauden;
6 men no ero me løyſte fraa Logi, daa me ero avdøydde fraa den, ſom me var fangade under, at me ſkulo tena paa eit nytt Lag i Anden, og ikkje paa det gamle Lag i Bokſtaven.
7 Kvat ſkulo med daa ſegja? er Logi Synd? Langt derifraa! Men eg kjende ikkje Syndi utan Logi; for eg kjende ikkje Lyſti, derſom Logi ikkje hadde ſagt: „Du ſkal ikkje lyſta!“
8 Men Syndi tok Tilleiding av Bodordet, og verkade allſkyns Lyſt i meg; for utan Log er Syndi daud.
9 Eg livde eitid utan Log; men daa Bodordet kom, livnade Syndi upp,
10 men eg døydde, og Bodordet, ſom var gjevet til Liv, det røyndeſt med til Daude;
11 for Syndi tok Tilleiding av Bodordet og daarade og drap med ved det.
12 So er daa Logi heilag, og Bodordet heilagt og rettferdigt og godt.
13 Er daa det Gode vortet meg til Daude? Langt derifraa! men Syndi er det, at ho ſkulde ſyna ſeg ſom Synd, av di ho ved det Gode volde meg Daude, at Syndi ſkulde verta ſtorlege ſyndug ved Bodordet.
14 For me vita, at Logi er andeleg, men eg er kjøtleg, ſeld under Syndi.
15 For det, eg gjerer, veit eg ikkje av; for ikkje det, ſom eg vil, gjerer eg; men det, ſom eg hatar, det gjerer eg.
16 Men gjerer eg det, ſom eg ikkje vil, ſo vitnar eg med Logi, at ho er god.
17 Men no gjerer ikkje eg det lenger, men Syndi, ſom bur i meg.
18 For eg veit, at i meg, det er i mit Kjøt, bur inkje Godt; for det aa vilja ſtend i mi Magt, men aa utføra det Gode vinn eg ikkje.
19 For det Gode, ſom eg