Side:Nye testamente (1889).djvu/319

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Kriſto, ſo tru me, at me og ſkulo liva med honom,
9 av di me vita, at ſidan Kriſtus er uppvekt fraa dei Daude, døyr han ikkje meir; Dauden heve ikkje lenger Vald yver honom.
10 For det, at han døydde, det døydde han ein Gong fyre Syndi; men det, at han liver, det liver han fyre Gud.
11 Soleides ſkulo de og rekna dykker ſom daude fyre Syndi, men livande fyre Gud i Kriſto Jeſu vaar Herre.
12 Difyre ſkal ikkje Syndi valda i dykkar daudelege Likam, ſo de lyda henne i dei likamleges Lyſter.
13 Og give ikkje Limerne dykkar under Syndi til Vaapen fyre Urettferd; men give dykker ſjølve under Gud, ſo ſom upplivnade av daudom, og Limerne dykkar under Gud til Vaapen fyre Rettferd.
14 For Syndi ſkal ikkje valda yver dykker, av di de ero ikkje under Logi, men under Naaden.
15 Kvat ſo? Skulo me ſynda, ſidan me ikkje ero under Logi, men under Naaden? Langt derifraa!
16 Vita de ikkje, at naar de giva dykker under Nokon ſom Tenarar til Lydnad, ſo ero de og Tenarar under den, ſom de lyda, anten det ſo er under Syndi til Daude, elder under Lydnaden til Rettferd?
17 Men Gud vere Takk, at de, ſom var Tenarar under Syndi, ero no av Hjartat vortne lyduge mot den Lærdomsform, ſom de ero yverførde til!
18 Men ſidan de ero frigjorde fraa Syndi, ero de vortne Tenarar under Rettferdi.
19 Eg talar paa Menneſkjevis fyre dykkar Kjøts Veſaldom. For likſom de gav Limerne dykkar til Tenarar under Ureinſka og Urettferdi til Urettferd, ſo ſkulo de no giva Limerne dykkar til Tenarar under Rettferdi til Helging.
20 For daa de var Tenarar under Syndi, va de frie fraa Rettferdi.
21 Kvat Frukt hadde de ſo den Tid? Slike Ting, ſom de no ſkjemmaſt ved; for Endelykten paa deim er Dauden.
22 Men no, de ero frigjorde fraa Syndi og vortne Guds Tenarar, hava de dykkar Frukt til Helging, og Endelykten er ævelegt Liv.
23 For den Løn, ſom Syndi giv, er Dauden, men Guds Naadegaava er ævelegt Liv i Kriſto Jeſu vaar Herre.

7de Kapitlet.

 Elder vita de ikkje, Brøder, (for eg talar til ſlike, ſom kjenna Logi), at Logi heve Vald yver Menneſkja, ſo lenge ho liver?