Side:Nye testamente (1889).djvu/318

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


14 men endaa valdade Dauden fraa Adam til Moſes ogſo yver deim, ſom ikkje hadde ſyndat i Likning med Adams Misgjerd, han ſom er eit Fyredøme paa den Tilkomande.
15 Det er daa ikkje ſo med Naadegaava ſom med Fallet; for døydde dei Mange ved Fallet av den Eine, ſo er Guds Naade og Naadegaava av den eine Menneſkja Jeſus Kriſtus ſo myket meir vorten ovrik fyre dei Mange.
16 Og ikkje er det med Gaava, ſom det var med Syndi av den Eine; for Domen kom fraa den Eine til Fordøming, men Naadegaava etter mange Fall til Fridøming.
17 For derſom Dauden fyre den eine Manns Fall valdade ved den Eine, ſo ſkulo dei, ſom taka imot den ovrike Naade og Rettferds Gaava, ſo myket meir valda i Livet ved den Eine, Jeſus Kriſtus. —
18 Difyre, likſom einManns Fall vart til Fordøming fyre alle Menneſkjor, ſo vart og einManns rettferdige Gjerning til Livſens Rettferdiggjering fyre alle Menneſkjor.
19 For likſom dei Mange vart Syndarar ved Ulydnaden av den eine Mennſkja, ſo ſkulo og dei Mange verta rettferdige ved Lydnaden av den Eine.
20 Men Logi kom attaat, at Fallet ſkulde verta ſtørre; men der Syndi vart ſtørre, vart Naaden endaa meir ovſtor,
21 fyredi at, likſom Syndi valdade ved Dauden, ſo ſkulde og Naaden valda ved Rettferd til ævelegt Liv ved Jeſus Kriſtus vaar Herre.

6te Kapitlet.

 Kvat ſkulo me daa ſegja? Skulo me halde fram med Syndi, at Naaden kann verta ſtørre?
2 Langt derifraa! Me, ſom ero avdøydde fraa Syndi, kor ſkulo me endaa liva i henne?
3 Elder vita de ikkje, at alle me, ſom vart døypte til Kriſtus Jeſus, me vart døypte til Dauden hans?
4 Me vart ſoleides gravlagde med honom ved Daupen til Dauden hans, fyredi at, likſom Kriſtus vart uppvekt fraa dei Daude ved Faderens Herlegdom, ſo ſkulo og me ferdaſt i ein ny Livnad.
5 For derſom me ero ſamlagade med honom til Likning med Dauden hans, ſo ſkulo me og vera det til Likning med Uppſtoda hans,
6 daa me vita dette, at vaar gamle Mennſkja vart kroſsfeſt med honom, ſo Syndalikamen ſkulde verta til inkjes, ſo me ikkje lenger ſkulo tena Syndi;
7 for den, ſom er daud, er rettferdiggjord fraa Syndi.
8 Men døydde me med