Side:Nye testamente (1889).djvu/317

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fram mot hundrad Aar gamall, og ikkje paa det daude Moderlivet hennar Sara;
20 men paa Guds Lovnad tvilade han ikkje med Vantru, men vart sterk ved Trui og gav Gud Æra,
21 fullviss paa, at det han heve lovat, er han og megtug til aa gjera.
22 Difyre vart det og reknat honom til Rettferd.
23 Men ikkje berre fyre hans Skuld vart det skrivet, at det vart honom tilreknat,
24 men og fyre vaar Skuld, som det skal verta tilreknat, naar me tru paa honom, som vekte Jesus vaar Herre upp fraa dei Daude,
25 han som vart yvergjeven fyre vaare Misgjerningar og uppvekt fyre vaar Rettferdiggjering.

5te Kapitlet.

 Daa me no ero rettferdiggjorde av Trui, hava me Fred med Gud ved vaar Herre Jesus Kristus,
2 liksom me og ved honom hava i Trui fenget Tilgjenge til denne Naade, som me standa i, og me rosa oss av Von um Guds Herlegdom.
3 Og ikkje berre det; men me rosa oss og av Trengslom, daa me vita, at Trengsla verkar Tolmøde,
4 og Tolmødet verkar Røynsla og Røynsla verkar Von,
5 og Voni gjerer ikkje til Skammar, fyredi Guds Kjærleike er uthellt i Hjarto vaare ved den Heilage Ande, som er oss gjeven.
6 For medan me endaa var duglause, døydde Kristus i den fyresette Tid fyre Ugudlege;
7 for det vil vandt Nokon døy fyre ein Rettferdig — fyre den Gode torde Ein kann henda koma seg til aa døy —;
8 men Gud syner sin Kjærleike til oss med di, at Kristus døydde fyre oss, medan me endaa var Syndarar.
9 So myket helder skulo me daa, no me ero rettferdiggjorde ved hans Blod, verta frelste ved honom fraa Vreiden.
10 For dersom me, daa me var Fiendar, vart utsonade med Gud ved hans Sons Daude, so skulo me so myket helder no, daa me ero utsonade, verta frelste ved hans Liv.
11 Og ikkje berre det; men me rosa oss og av Gud ved vaar Herre Jesus Kristus, som me no hava fenget Soningi ved.
12 Difyre, liksom Syndi ved eiMenneskja kom inn i Verdi, og Dauden ved Syndi, og Dauden soleides trengde seg igjenom til alle Menneskjor, av di dei syndade alle, —
13 for vel var der Synd i Verdi fyrr Logi; men Syndi vert ikkje tilreknad, der ingi Log er;