Side:Nye testamente (1889).djvu/316

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


„Men Abraham trudde Gud, og det vart reknat honom til Rettferd.“
4 Men den, ſom fer med Gjerningar, honom vert Løni ikkje tilreknad etter Naade, men etter Skyldnad;
5 men den derimot, ſom ikkje ſer med Gjerningar, men trur paa honom, ſom rettferdiggjerer den Ugudlege, honom vert Trui hans reknad til Rettferd.
6 Likſom og David ſegjer den Menneſkja ſæl, ſom Gud tilreknar Rettferd utan Gjerningar:
7 „Sæle ero dei, ſom deira Misgjerder vart forlatne og deira Synder yverbreidde.
8 Sæl den Mann, ſom Herren ikkje tilreknar Synd!“
9 Gjeld no denne Sælking Umſkjeringi elder Fyrehudi og? for me ſegja daa, at Trui vart Abraham reknad til Rettferd.
10 Korleides vart ho daa tilreknad honom? med Umſkjering elder med Fyrehud? Ikkje med Umſkjering, men med Fyrehud.
11 Og han fekk Umſkjeringteiknet ſom eit Innſigle paa den Rettferd af Trui, ſom han hadde med Fyrehudi, fyredi at han ſkulde vera Fader til alle deim, ſom tru med Fyrehud, at Rettferd ſkulde verta tilreknad deim og,
12 og Fader til dei Umſkorne, ſom ikkje berre hava Umſkjering, men ſom og ganga i Fotfarom av den Tru, ſom Abraham Fader vaar hadde med Fyrehudi.
13 For ikkje ved Logi vart den Lovnaden gjeven Abraham og Ætti hans, at han ſkulde vera Erving til Verdi, men ved Rettferdi av Tru.
14 For derſom dei, ſom hava Logi, ero Ervingar, ſo er Trui gjord gagnlaus og Lovnaden til inkjes;
15 for Logi verkar Vreide; for der ingi Log er, der er helder ingi Motgjerd.
16 Difyre er Arven av Tru, at han kunde vera av Naade, at Lovnaden kunde ſtanda faſt fyre all Ætti, ikke berre fyre den, ſom heve Logi, men og fyre den, ſom heve Abrahams Tru, han ſom er Fader fyre oſs alle
17 (ſom ſkrivet er: „Eg heve ſfett deg til Fader fyre mange Folk“) fyre Guds Aaſyn, ſom han trudde paa, ſom gjerer dei Daude livande og kallar det, ſom ikkje er til, ſom det var til.
18 For han trudde med Von mot Von, at han ſkulde verta Fader til mange Folk, etter det, ſom ſagt var: „So ſkal di Ætt vera;“
19 og daa han ikkje var veik i Trui, ſo ſaag han ikkje paa ſin eigen Likam, ſom alt var utlivd, med di han var