Side:Nye testamente (1889).djvu/315

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Hop; der er Ingen, som gjerer Godt; der er ikkje ein Einaste.
13 Ei opnad Grav et Strupen deria; med Tungom sine svika dei; Orme-eiter er under Lepom deria.
14 Munnen deira er ful av Vannskap og Veiska.
15 Føterne deira ero snare til aa spilla Blod.
16 Avøyding og Usæla er der paa Vegom deira,
17 og ein Fredsveg kjenna dei ikkje.
18 Der er ingen Guds Age fyre Augom deira.“
19 Men me vita, at alt det, som Logi segjer, det talar ho til deim, som ero under Logi, so kvar Munn skal tagna, og all Verdi verta sakad fyre Gud,
20 etterdi at inkje Kjøt kann ved Loggjerning verta rettferdiggjort fyre honom; for ved Logi kjem Kanning av Synd.
21 Men no er Guds Rettferd, som er umvitnad av Logi og Profetarne, openberrad utan Log,
22 det vil segja: Guds Rettferd ved Trui paa Jesus Kristus fyre alle og yver Alle, som tru; for der er ingen Skilsmun:
23 for Alle syndade og vanta Æra fyre Gud,
24 og dei verta rettferdiggjorde til Givendes, av hans Naade, ved den Atterløysning, som er i Kristo Jesu,
25 som Gud sette fram i hans Blod som ein Naadestol ved Trui, til aa syna si Rettferd, fyredi han hadde Tol med dei Synder, som fyrr vart gjorde under Guds Langmod, —
26 til aa syna si Rettferd i den noverande Tid, at han kunde vera rettferdig og gjera den rettferdig, som heve Jesu Tru.
27 Kvar er so vaar Ros? Ho er utestengd. Ved kvat Slags Log? ei Log um Gjerningar? Nei, men ved ei Log um Tru.
28 Dermed so halda me fyre, at Menneskja vert rettferdiggjord ved Tru, utan Loggjerningar.
29 Elder er Gud berre Gud fyre Jødar? er han ikkje Gud fyre Heidningar og? Jau, fyre Heidningar og,
30 etterdi det er einGud, som vil rettferdiggjera dei Umskorne av Tru og dei Uumskorne ved Tru.
31 Avlysa me daa Logi ved Trui? Langt derifraa; men me stadfesta Logi.

4de Kapitlet.

 Kvat skulo me daa segja, at Abraham Fader vaar heve vunnet etter Kjøtet?
2 For vart Abraham rettferdiggjord av Gjerningar, so heve han Nokot aa rosa seg av; men det heve han ikkje fyre Gud.
3 For kvat segjer Skrifti?