Side:Nye testamente (1889).djvu/314

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

22 du, som segjar, at Ein ikkje skal drive Hor, driv du Hor? du, som styggjest ved Avgudar, ranar du Heilagdomar?
23 du, som rosar deg av Logi, vanærar du Gud ved aa brjota Logi?
24 For Guds Namn vert fyre dykkar Skuld spottat millom Heidningom, som skrivet er.
25 For Umskjering gjerer vel Gagn, um du held Logi; men bryt du Logi, so er di Umskjering vorti til Fyrehud.
26 Dersom daa Ein med Fyrehud liver etter Logbodi, skal so ikkje hans Fyrehud verta reknad fyre Umskjering?
27 Og den naturlege Fyrehud, som uppfyller Logi, skal døma deg, som med Bokstav og Umskjering bryt Logi.
28 For ikkje den er Jøde, som er det i syndo, og helder ikkje er det Umskjering, som er det i syndo, paa Kjøtet,
29 men den, som er Jøde i løyndo, og Umskjeringi paa Hjartat, i Anden, ikkje i Bokstaven; ein slik heve Ros, ikkje av Menneskjor, men av Gud.

3dje Kapitlet.

 Kvat Fyremun heve so Jøden? elder kvat Gagn er det i Umskjeringi?
2 Myket i alle Maatar! og fyrst daa det, at Guds Ord vart deim gjevet til Vareign.
3 For kor er det? um sume var utrue, skulde daa deira Utruskap gjera Guds Truskap til inkjes?
4 Langt derifraa! lat helder Gud vera sannordig, men kvar Menneskja ein Ljugar, som skrivet er: „At du maa kjennast rettferdig i dine Ord og vinna, naar du heve Søksmaal.“
5 Men dersom vaar Urettferd syner Guds Rettferd, kvat skulo me daa segja? er daa Gud urettferdig, naar han fører Vreiden yver oss? (Eg talar paa Menneskjevis.
6 Langt derifraa! Korleides kann Gud daa døma Verdi?).
7 For dersom Guds Sannleike ved mi Lygn synte seg ovstor til hans Æra, kvi vert eg endaa dømd som ein Syndar?
8 og skulo me daa ikkje (som me verta aatfunne fyre, og som sume segja, at me lære) gjera det Vonde, at det Gode kann koma utav det? Yver slike er Domen rettferdig.
9 Kvat so? Hava me nokon Fyremun? Nei, slett ikkje; for me hava fyrr klagat baade Jødar og Grekarar fyre, at dei ero allesaman under Synd,
10 som skrivet er: „Der er ingen Rettferdig, ikkje Ein helder;
11 der er Ingen, som er vitug; der er Ingen som søkjer Gud.
12 Dei er all avvikne; dei ero udugande vortne alle i