Side:Nye testamente (1889).djvu/313

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

2 Men me vita, at Guds Dom er etter Sanning yver deim, som gjera slikt.
3 Men trur du det, du Menneskja, som dømer deim, som gjera slikt, og sjølv gjerer det same, at du skal sleppa undan Guds Dom?
4 Elder vanvyrder du hans Rikdom paa Godleike og Tolmøde og Langmod og veit ikkje, at Guds Milda driv deg til Umvending?
5 Men med ditt Hardlynde og ditt ubotferduge Hjarta hopar du Vreide yver deg paa Vreidens Dag, daa Guds rettferdige Dom vert openberr;
6 for han skal giva kvar etter kvar sine Gjerningar:
7 deim, som med Trott i god Gjerning søkja Æra og Heider og Uforgjengelegdom, skal han giva eit ævelegt Liv;
8 men deim, som ero stridsame og ikkje lyda Sanningi, men lyda Urettferdi, skal hendast Harm og Vreide.
9 Trykk og Trengsla skal koma yver kvar Menneskesaal, som gjerer det Vonde, Jøde fyrst og Grekar;
10 men Æra og Heider og Fred skal hendast kvar den, som gjerer det Gode, Jøde fyrst og Grekar;
11 for det gjeld ingen Mannamun fyre Gud.
12 For so Mange, som syndade utan Log, dei skulo og fortjonast utan Log; og so Mange, som syndade med Logi, dei skulo og verta dømde ved Logi;
13 for ikkje dei, som høyra Logi, ero rettferdige fyre Gud; men dei, som gjera etter Logi, skulo verta rettferdiggjorde.
14 For naar Heidningarne, som ikkje hava Logi, gjera av Naturi det, som Logi byd, so ero dei ei Log fyre seg sjølve, endaa dei ikkje hava Logi;
15 for dei syna, at Loggjerningi er innskrivi i deria Hjarto, med di deira Samvit vitnar med, og Tankarne seg imillom saka elder og orsaka deim
16 paa den Dag, daa Gud skal døma det Dulde hjaa Menneskjom, etter mitt Evangelium, ved Jesus Kristus.
17 Sjaa, du er kallad Jøde og set di Lit til Logi og rosar deg av Gud
18 og veit hans Vilje, og fyresynt av Logi prøvar du dei ymse Ting
19 og trøyster deg til aa vera ein Vegvisar fyre Blinde, eit Ljos fyre deim, som ero i Myrker.
20 ein Uppsedar fyre Uvituge, ein Lærar fyre Umynduge, daa du heve den rette Skapnad av Kunnskap og Sanning i Logi.
21 Du som soleides lærer ein Annan, lærer du ikkje deg sjølv? du, som preikar, at Ein ikkje skal stela, stel du?