Side:Nye testamente (1889).djvu/312

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


18 For Guds Vreide vert openberrad fraa Himmelen yver all Gudløyſa og Urettferdi hjaa dei Menneſkjor, ſom forhalda Sanningi ved Urettferd;
19 etterdi det, ſom Ein kann vita um Gud, er kunnigt ibland deim; for Gud heve kunngjort deim det.
20 For hans uſuynlege Kynde, baade hans ævelege Kraft og Guddom, det vert ſkodat, ſidan han ſkapte Verdi, daa det er ſkynande av Gjerningom, — ſo dei ero ikkje orſakande;
21 for endaa dei kjende Gud, ſo ærade og takkade dei honom ikkje ſom Gud, men vart faafengde i ſine Tankar og deira uvituge Hjarta formyrkteſt.
22 Medan dei ſagdeſt vera viſe, vart dei Daarar,
23 og dei bytte den uforgjengelege Guds Herlegdom burt fyre eit Bilæte i Likning med ei forgjengeleg Menneſkja og med Fuglar og firføtte Dyr og Krekelde.
24 Difyre yvergav Gud deim i deira Hjartans Lyſter til Ureinſka, ſo dei ſkjemde ſine Likamar ſeg imillom,
25 med di dei bytte Guds Sanning burt fyre Lygn og ærade og dyrkade Skapningen framfyre Skaparen, ſom er velſignad i all Æva, Amen.
26 Difyre yvergav Gud deim til ſkammelege Lyſter; for baade Kvinnorna deira forvende det naturlege Bruket til det unaturlege,
27 og framleides forlet og Mennerne det naturlege Bruket av Kvinna og kveikteſt upp i ſi Lyſt til kvarandre, ſo at Menner dreiv Skjemdaverk med Menner og fekk paa ſeg ſjølve det Vederlag fyre ſi Villferd, ſom rett var.
28 Og likſom dei ikkje vyrde um aa hava Kunnſkap um Gud, ſo yvergav Gud deim til eit vanvyrdande Huglynde, til aa gjera det Uſømelege,
29 ſo dei ero fyllte med all Urettferd, Hordom, Argſkap, Vinneſykja, Vondſkap, fulle av Ovund, Mord, Trætte, Svik, Fulkynde,
30 Øyretutarar, Baktalarar, gudhatade, ovmodige, ſtorlaatne, ſtororduge, uppfinnſame til Vondt, ulyduge mot Foreldre,
31 uvituge, uſætande, ukjærlege, uſemjande, miskunnlauſe,
32 ſlike, ſom vel kjenna Guds Dom, at dei, ſom gjera ſlikt, ero ſkyldige til Dauden, og endaa ikkje berre gjera det, men og giva ſitt Samtykke til deim, ſom gjera det.

2dre Kapitlet.

 Difyre er du, Menneſkja, ikkje orſakande, kven du ſo er, ſom dømer; for med di du dømer den Andre, fordømer du deg ſjølv; for du, ſom dømer, gjerer ſjølv det ſame.