Side:Nye testamente (1889).djvu/311

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
Apoſtelen Pauli Brev til Romararne.
1ſte Kapitlet.

 

P

aulus, Jeſu Kriſti Tenar, kallad til Apoſtel, utkorad til aa forkynna Guds Evangelium,

2 ſom han fyrr lovade ved Profetarne ſine i dei heilage Skrifter,
3 um hans Son, ſom etter Kjøtet er komen av Davids Ætt;
4 ſom etter Heilagdoms Ande er ſannkjend ſom Guds Son med Velde ved Uppſtoda fraa dei Daude, Jeſus Kriſtus vaar Herre,
5 ſom me fekk Naade ved og Apoſtelembætte til aa verka Lydnad imot Trui millom alle Heidningar fyre hans Namns Skuld,
6 og millom deim ero de og kallade til Jeſus Kriſtus: —
7 til alle Guds Elſkade, Kallade, Heilage, ſom ero i Rom. Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og Herren Jeſus Kriſtus!
8 Fyrſt takkar eg min Gud ved Jeſus Kriſtus fyre dykker alle, fyredi dykkar Tru er velgjeti i all Verdi.
9 For Gud, ſom eg tener i min Ande i Evangeliet um hans Son, han er mit Vitne um, kor uavlatande eg kjem dykker i Hug,
10 med di eg i mine Bøner alltid bed um, at eg daa eingong kunde faa Lukka til, med Guds Vilje, aa koma til dykker;
11 for eg ſtundar etter aa ſjaa dykker, at eg kunde giva dykker eikor andeleg Naadegaava med meg, ſo de kunde ſtyrkjaſt,
12 det vil ſegja, at eg hjaa dykker kunde hyggjaſt ſaman med dykker ved den ſamlike Tru, dykkar og mi.
13 For eg vil ikkje, Brøder! at de ſkulo vera uvitande um, at eg ofte heve etlat meg til aa koma til dykker (men eg vart hindrad til desſa), at eg kunde hava nokor Frukt hjaa dykker og, likſom hjaa dei andre Heidningar.
14 Eg ſtend i Skuld baade til Grekarar og Barbarar, baade til Viſe og Uviſe.
15 Soleides er eg fyre min Deil buen til aa forkynna Evangeliet fyre dykker og, ſom ero i Rom.
16 For eg ſkjemmeſt ikkje ved Kriſti Evangelium; for det er ei Guds Kraft til Frelſa fyre kvar den, ſom trur, fyre Jøde fyrſt og fyre Grekar.
17 For i det vert Guds Rettferd openberrad av Tru til Tru, ſom ſkrivet er: „Men den Rettferdige av Tru ſkal liva.“