Side:Nye testamente (1889).djvu/10

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
Kap. 5
5te Kapitlet.


1 Og daa han saag Folket, gjekk han uppaa Berget. Og daa han hadde sett seg ned, kom Læresveinarne hans til honom;
2 og han opnade sin Munn, lærde deim og sagde:
3 „Sæle ero dei Fatike i Anden; for deira er Himmelriket;
4 Sæle ero dei, som byrja; for dei skulo verta trøystade.
5 Sæle ero dei Hugmilde; for dei skulo erva Jordi.
6 Sæle ero dei, som hungra og tyrsta etter Rettferd; for dei skulo verta mettade. —
7 Sæle ero dei Miskunnsame ; for dei skulo faa Miskunn.
8 Sæle ero dei, som ero reine i Hjartat; for dei skul sjaa Gud.
9 Sæle ero dei Fredsame, for dei skulo verta kallade Guds Born.
10 Sæle ero dei, som ero forfylgde fyre Rettferd Skuld; for deira er Himmelriket.
11 Sæle ero de, naar dei spotta dykker og forfylgja dykker, og segja det, som vondt er, um dykker fyre mi Skuld og ljuga det.
12 Gledje dykker og fegnast! for Løni dykker er stor i Himlom; for soleides hava dei forfylgt Profetarne, som var fyrr dykker.
13 De ero Saltet aat Jordi; men um Saltet vert dauvt, kvat skal det verta saltat med? Til ingen Ting duger det meir, utan til aa verta utkastat og nedtrakkat av Folk.
14 De ero Ljoset aat Verdi; ein By, som ligg uppaa Berg, kann ikkje dyljast.
14 Ikkje tendra dei eit Ljos og settja det under Skjeppa, men i Staten; og det lyser fyre alle deim, som ero i Huset.
16 Late soleides dykkar Ljos skina fyre Menneskjom, so at dei maa sjaa dykkar gode Verk og heidra dyttar Fader i Himlom.
17 De maa ikkje tenkja, at eg er komen til aa avlysa Logi elder Profetarne ; eg er ikkje komen til aa avlysa, men til nn uppfylla.
18 For sannelege segjer eg dykker, at til dess Himmelen og Jordi forgangast, stal ikkje ein Bokstav elder ein einaste Tyttel av Logi forgangast, til dess alt saman hender seg.
19 Difyre, den som bryt eit av desse minste Bodordom og lærer Menneskjom soleides, han skal verta kallad den minste i Himmelriket; men den, som gjerer og lærer deretter, han skal verta kallad stor i Himmelriket.
20 For eg segjer dykker, at um ikkje dykker Retferd vert større enn Rettferdi til dei Skriftlærde og Farisæarom, daa koma de slett ikkje inn i Himmelriket.
21 De hava høyrt, at det er sagt til dei Gamle: du skal ikkje slaa i Hel; men den, som slær i Hel, han skal vera sakad fyre Domen.
22 Men eg segjer dykker, at kvar den, som er vreid paa sin