Hopp til innhold

Side:Norsk mållære.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

notið, men at ho frå den tiðen, som den talande no er i (ɔ: rekna frå notiðen), ålreiðe er forseggjengje.

Den av desse tiðom, som svare til framtiðen, heite: første framtið i førtiðen, og den, som svare til førframtiðen, heite: andre framtið i førtiðen. Desss tvo tidene vert dana veð å byte notiðformene skal (vil) með førtiðformom skulde (vilde). (Sjå §§ 93 og 94).

Sa eg igår t. d.: Eg har no klokka 12 skreve eit brev (før-notið) og skriv no kl. 12 på de andre (notið); eit trije skal (el. vil) eg skrive etter miðdagen. (framtið), og eit skal eg ha skreve førre kvelden (før-framtið), så må eg, dersom; eg idag vil fortelje dette, segje: Eg hadde igår kl. 12 skreve eit brev (før-førtið), kl. 12 skreiv eg på eit anna (førtið); eit trije skulde (vilde) eg skrive etter middagen (første framtið i førtiðen), og eit fjore skulde eg ha skreve førre kvelden (andre framtið i førtiðen).

§ 77. De er berre forteljemåten, som bruke alle 8 tiðene; tingmåten har oftast berre tri: (før-notið, notið, framtið), skapnaðmåten tvo: (førtið og notið); ønskjemåten og tilsetmåten har som alraoftast berre notið, (§§ 93 og 94).

Verkeset.

§ 78. Verkeorðe utsegje enten, at hovuðdeilen (§23) gjer noko sjølv, eller au, at de vert gjort noko veð honom. I første tilfelle kalle vi de: gjerande verkeset, i andre: veðgjort verkeset, t. d. guten lugga meg, guten vart lugga av meg. Godt som alle verkeorð har gjerande verkeset, men både gjerande og veðgjort verkeset har berre dei motdeilhavande (§ 17 merkn. 1).

§ 79. Ein må kjenne merkjeformene for með støðleike å kunne brigde eit verkeorð með syn på utsegjemåte, tal, tið og verkeset. Desse er: tingmåten og forteljemåten i notið, forteljemåten og skapnaðmåten i førtið, t. d. bera, ber, bar, bore; døme, døme, dømte, dømt; kaste, kaste, kasta, kasta.