Side:Norsk mållære.djvu/30

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Merkn. Om brigding og tyðning sjå, §§ 63, 64, 86, 87, 88.

  • Forteljemåten, som vi bruke, når vi fortele eller spør om noko. Han lo. Kva sa han?
  • Tilsetmåten bruke vi, når vi set ein eller fleire til å gjera noko. Gå dår veg! Kom, gut!
  • Ønskjemåten vert bruka til å utsegje eit ønskje. Guð signe arbeiðe.
  • Tal.

    § 75. Som regel har verkeorðe same forma, både når hovuðdeilen (§ 23) er eint. og fleirtal. Eg spring, vi spring; kalven danse, kalvane danse.

    Merkn. Om talformene hjå skapnaðmåten sjå § 64, 2, 3, 4, og §86.

    Tið.

    § 76. Ei gjerð vert enten tenkt som ålreiðe forseggjengje før, eller ho går no for seg, eller ho vil gange for seg i framtiðen. Etter dette får vi tri hovuðtide: førtið, notið og framtið: Eg skreiv, eg skriv, eg vil skrive. Men desse tiðene har sine hjelpetiðe. Fortiða har ei hjelpetið kalla før-fortið, som utsegje, at noko er forseggjengje ålreide i fortiðen: Eg hadde somna (før-fortid), då du la deg. Notida si hjelpetid er før-notið, som utsegje, at gjerða er forseggjengje før notiðen, men soleiðes, at ho står i høve til henne: Eg har vore (før-notid) sjuk 3 daga no, men ænno er eg like dåleg. Framtiða si hjelpetið er før-framtiða. Denne vert bruka, når vi utsegje, at ei verksemd vistnok er okome i høve til notiðen, men at ho vil vera forseggjengje, når hovuðframtidð kjem: Du vil ha sove ei goð stund, når eg vil gå til sengs. Men liksom vi, når vi rekne frå notiðen, får tvo framtiðe: framtið og før-framtið, soleiðs får vi au tvo framtiðe, når vi rekne frå førtiðen. Desse utsegje, at verksemda låg i framtiðen den gongen, då fortiða var