Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
9
Æventyri paa vandring.


Og so ei tid seinare finn eg det att i ei buddistisk bok fraa India, ei bok som me kjenner grunnlaget til fraa paa lag 1500 aar attende i tidi, — det same æventyret, berre her like so indisk som vaart er norsk.

»Han far sjøl i stua« var altso komen fraa India, fraa det rike æventyrlandet, som hev sendt so mange straumar av æventyr utyver verdi. Men korleis, og kor var vegarne det hadde fylgt?

I oldtidi og det fyrste av millomalderen var det livleg ferdsel og samkvæme millom India og Vestasia paa den eine sida og Sudeuropa paa den andre. Og det var ikkje berre samband i handel, men ogso i bokvegen. Fraa det tidskiftet av som byrjar med Aleksander den store, var ikkje so lite av den gamle græske bokskatt, baade diktverk og vitskapsverk, kjent og umtykt i India. Og seinare vart mykje av dei indiske bokverk umsett paa andre maal, soleis til kinesisk og tibetansk, og like eins til persisk, so fraa persisk til arabisk elder syrisk, derifraa til græsk elder latin og andre europæiske tungemaal. Eg skal berre minna um den gamall-norske boki, Barlaám og Josafats saga, som den katolske kyrkja hev tekje upp millom sine heilagsogor (paa latin), men som fraa fyrst av likevel ikkje er anna en ei indisk livsskildring av Budda. Dette samkvæme i bokvegen millom øysterlandi og vesterlandi, som er eit hovudled i den samanliknande boksoga og kultursoga, var det altso fyrst ein laut etterfara, um ein vilde fylgja vaart norske æventyr paa vandringi fraa India.

Eg gav meg derfor til aa leita etter, fyrst i den asiatiske bokheimen, den tibetanske, persiske, arabiske og syriske, og deretter i europæiske bøker fraa millomalderen. Naar æventyret var kome heilt hit upp til Norge, so var det meir en trulegt, at det paa vegen hadde slege rot i andre land med. Og det hadde det daa ogso gjort. Det er aa finna rundt ikring i Asia, og like eins paa mange stader i