Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
10
Æventyri paa vandring.

Europa. Til aa byrja med skal me daa her taka æventyret fraa den indiske boki, um dei takksame dyr og den utakksame mann:

Ein bramán, med namn Jadsnjadatta, levde i stor fatigdom, og kona hans sa til honom dag etter dag: »Aa du modlause og hardhjarta braman! Kan du vera so like syten, naar du ser at borni dine held paa aa svelta ihel? Kom deg daa ut paa ei reis, og sjaa til aa faa os noko aa leva av, og kom so heim att, det snaraste du kan.« Bramanen vart daa til slutt lei av snakket hennar, og tok seg fyre aa draga paa langreis. Um nokre dagar kom han inn i ein stor skog. Han var tyrst og tok aat aa leita etter vatn. So fær han sjaa ei stor greft med lauv yver. Daa han ser etter, fær han auga paa ein tiger, ein ape, ein orm og ein mann der nede. Med det same tigeren fekk sjaa honom, sa han: »Du mandomsmann! Hugs paa, at det er ei stor verdskyld aa frelsa levande skapningar, og hjelp meg aa koma upp, so eg kan koma heim att aat kona mi og ungarne mine!« Bramanen sa: »Alt levande fær ein støkk i seg, berre ved aa høyra dit namn. Skulde daa ikkje eg med ottast fyre deg?« Men tigeren svara: »Eg sver med ein trifeld eid, at av meg hev du ingen faare aa ottast.« Bramanen tenkte daa i sit hjarta: »Endaa um ein skulde døy for det, so gjer det salig aa berga eit anna liv,« — og han drog tigeren upp or grefti.

Og apen sa til honom: »Aa, snille du! hjelp upp meg med!« Og bramanen hjelpte honom upp.

Ormen sa: »Du tviborne[1]! aa hjelp meg ogso aa koma upp!« Men bramanen sa: »Alle grysjar berre ved aa høyra dykk nemna, ikkje aa tala um aa røra ved dykk.« Daa svara ormen: »Det er ikkje med vaar vilje; me bit ikkje, utan me vert tirra. Med ein trifeld eid sver eg, at for meg treng du ikkje aa ræddast« Etter dette tok bramanen og drog ormen upp ogso.

Og ormen sa til honom: »All vondskaps sæte er menneskja. Hugs paa det, so du korkje hjelper upp den mannen der nede elder gjev honom tiltru.«

  1. Bramanarne kallar seg tviborne (tvo gonger fødde), daa dei reknar prestevigsla si for den andre fødselen.