Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
11
Æventyri paa vandring.


Tigeren tala ogso til honom att og sa: »Paa nordsida av fjellet med dei mange tindarne du ser der burte, der i eit gil hev eg hiet mit. Dit maa du endeleg koma, so eg kan faa gjera deg vederlag og sleppa aa vera skuldaren din i eit anna liv.«

Deretter sa apen: »Ved ein foss, ikkje langt fraa det same gilet, hev eg med bustaden min. Dit maa du koma til meg.«

Og ormen sa: »Naar du kjem i ein livsfaare, so hugs paa meg.«

Dermed gjekk dei alle tri kvar til sit.

No tok mannen i grefti ogso til aa ropa um hjelp, og bramanen gløymde det ormen hadde sagt, og drog upp honom med. Og mannen sa: »Eg er ein gullsmed. Skulde du hava noko aa lata meg arbeida for deg, so kom med det til meg.« Og dermed gjekk han ogso til sin heimstad.

Men bramanen vanka ikring i skogen, utan aa finna det minste aa leva av. So kom han til aa tenkja paa apen, og gjekk til honom. Og apen gav honom frukt, søt som ambrosia. Bramanen sa: »Du hev gjort heile din skyldnad; vis meg no til tigeren.« Og apen fylgde honom til tigeren. Straks tigeren kjende bramanen att, sa han: »Her er eit halsband og annan gullstas, som eg hev gjøymt til deg. Eg tok det av ein mann som kom ridande paa ein hest og kom til aa falla i mine klør.« Bramanen tok imot det, og gjekk med det til gullsmeden og bad um han vilde selja det for honom. Daa gullsmeden hadde set paa gullet, tenkte han med seg sjølv: »Alt dette hev eg ein gong arbeidt for kongens son.« Og so tok han gullet og gjekk med det til kongsgarden og synte kongen det. Straks kongen fekk sjaa kva det var, spurde han: »Kvar hev du dette ifraa?« Gullsmeden svara: »Eg fekk det av ein braman, som kom til mit hus med det.« Kongen tenkte daa straks: »Dette maa vera ein illgjerningsmann, som hev drepe min son.« Og so sende han vaktmenn med paalegg um aa binda bramanen og kasta honom i fangeholet. Med det same han var fengsla, kom bramanen til aa hugsa paa ormen, og straks han tenkte paa honom, var han der. »Fri meg ut fraa dette fengslet!« bad bramanen. »Ja,« sa ormen,« eg skal gaa og bita dronningi, soleis at ingen annan kan gjera henne god att enn du.«