Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
12
Æventyri paa vandring.


Daa ormen hadde bite dronningi, vart det eit stort skrik i kongsgarden. Alle lækjarar og runemeistarar og trollmenn vart henta, men alle deira lækjeraader og kunster var til unyttes. Daa bramanen høyrde detta, so sa han: »Eg skal fri henne for eitret.« So vart han henta ut av fengslet, og straks han rørde ved dronningi, so vart ho fri eitret. No spurde kongen honom, korleis han hadde fenge fat paa gullet, og bramanen fortalde honom alt saman fraa fyrst av. Daa kongen hadde høyrt heile sammanhenget, let han kasta gullsmeden i fangeholet, men bramanen tok han til kongsraad. Og bramanen henta kona og borni sine til seg, og levde sidan eit liv rikt paa gode gagnverk til aa fylgja honom inn i hans næste tilvere.

Legg no jamsides med dette indiske æventyret eit europæisk, eit tysk, som er uppskrive i midten av dette hundradaaret, so er det ei lett sak aa sjaa sammanhenget:

Det var ein gong ein kjøpmann som kvart halvaar maatte reisa gjenom ein stor skog for sine handelsærender. Ein gong paa ei slik ferd saag han ein hirdmann falla ned i ei djup greft. Han tok eit tog og hengde det ned i grefti. Men i staden for mannen kom det upp ei løva. »Takk skal du hava,« sa løva, »og her hev du pengar attpaa. Men agt deg for aa draga upp mannen, — han er ikkje verd det.« Kjøpmannen slepte toget ned paa nytt lag, og upp kom det ein bjønn. Han sa det same som løva, og gav honom like eins pengar. Det same gjorde ein orm, som daa næst kom upp. Likevel drog kjøpmannen upp hirdmannen ogso.

Daa hirdmannen saag alle pengarne, klaga han kjøpmannen for retten, og sa at han hadde myrdt og røva den eine etter den andre som var komne burt. Men det var hirdmannen sjølv som hadde drepe dei. Retten dømde daa, at dei skulde flaa kjøpmannen, og deretter binda honom fast til eit tre, til han svalt ihel. Men daa kom løva og bjønnen og gnog av reipi, og tok honom med til hiet sit og røkta honom; og daa han var frisk att, gav dei honom baade pengar og klæe. — Men daa retten saag, at han hadde sloppe fraa det med livet, sette dei honom fast paa nytt og kasta honom i eit taarn. Der kom ormen til