Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
13
Æventyri paa vandring.

honom og sa: »Eg skal hjelpa deg. Eg hev nettupp bite kongsdotteri i panna, og ingen er god for aa gjera henne frisk att. Men her hev du eit gras. Naar du berre stryk henne yver panna med det, so vert ho god att um tri timar.«

So bad kjøpmannen fangevaktaren aa segja til kongen, at han visste ei paaliteleg raad mot ormebit. Daa vart han straks henta til kongsdotteri, og tri timar etter var ho like frisk att. Kongen vart so glad, so han drog ringen av fingren sin og gav kjøpmannen. »Eg er gamall no,« sa kongen, »og kan gjerne takka av. Eg er mykje meir glad i dotter mi, som du hev frelst, en i heile kongeriket.« — So vart kjøpmannen konge.

Denne forteljingi gjeng den dag i dag som tysk folkeæventyr.

Men me hev dette æventyret i mange fleire avbrigde endaa. Soleis eit par fraa millomalderen paa latin. Det eine er fortalt av ingen ringare en kong Rikard løvehjarte i 1195. Det stend aa lesa hjaa den engelske sogeskrivaren Matthæus Parisiensis, og lyder slik:

Det var ein gong ein rik, men girug venesianar som heitte Vitalis. Han skulde gifta burt dotter si, og derfor drog han i veideskog for aa faa seg dyrsteik til bryllaupsbordet. Skogen var tjukk og tett og audsleg, jagtmodet tok honom, og fyrr han visste ordet av det, gjekk han paa hovudet ned i ei dyregrav. Der var det ei løva og ein orm, som helder ikkje kunde koma seg upp att, — grefti var altfor djup. Vitalis gjorde krossteiknet fyre seg, og dyri gjorde honom helder ikkje noko; men han lut vera der i grefti heile natti og dagen etter, alt det han ropte og skreik um hjelp. Men so hende det, at ein fatig vedhoggar fekk høyra skriki, og kom burt til grefti og spurde kva det var. »Eg heiter Vitalis,« sa venesianaren;« eg kjende ikkje til denne dyregravi, og no er eg rædd eg vert uppeten av desse udyri, dersom ikkje svulten gjer ende paa meg. Drag meg upp; du skal ikkje angra paa det. Eg gjev deg helvti av alt det eg eig.« Og det svor han paa og kalla gud til vitne paa det. Medan dei talast ved, veifta løva med halen og hoppa og dansa, og ormen kvisja og snara seg og bugta