Hopp til innhold

Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
29
Æventyri paa vandring.

klubb?« — »Jau, det gjer eg radt og, trass i deg,« meinte kjeringi.

»Ja ja, lat gaa med fiskeklubben daa,« sa mannen; »men øl skal me no vel ikkje bryggja?« — »Jau me skal bryggja øl, og det som duger,« meinte kjeringi paa.

Mannen gav seg ikkje med dette, men sa: »Ja, naar du likevel skal bryggja øl, so er det daa ikkje verdt aa kjøpa kaffi lell.« — »Jau um eg aldri hev kjøpt kaffi fyrr, so skal eg kjøpa no!« var det svaret han fekk.

»No ja, um du kjøper lite grand kaffi,« sa mannen, so er det vel ikkje meiningi me skal hava gjester i joli?« — »Jau det er nettupp meiningi, so mykje du veit det!« svara kjeringi.

»Men det bed eg deg daa um,« sa mannen, »at um det kjem jolegjester, so fær du i minsto ikkje lata meg sitja i høgsætet.« — »Jau du skal pent faa sitja der!« skreik kjeringi, og slo i bordet.

Dermed laut daa mannen gjeva seg. Men den joli vart det noko til levemaate, maa du tru. Det var baade kveitekakor og fiskeklubb og øl og kaffi, so lengje joli varde, og gjester var det til kvar dag. Men kor lengje var Adam i paradis? — Daa det var slutt med joli, so vart kjeringi argare hell nokosinne fyrr. Det var ikkje fred aa faa for mannen til nokor tid. »Nei,« sa han til slutt, »den kjeringi maa eg sjaa til aa verta av med paa ein elder annan maate.« 

So var det ein dag i sumars-vinna, at mannen gjekk ute paa engi langs med elvi, der det laag ei klopp yver. Den tok han daa og saga halvt av med ei sag, berre so vidt ho endaa kunde bera ei menneskja med lempeleg medferd. So gjekk mannen heim att, og etter middagen vart kona med honom ut for aa høya. Daa dei kom til elvi, gjekk mannen fyrst yver kloppi, og gjekk varleg han, kan du vita. So kom kjeringi og skulde yver ho med, og mannen aatvara henne og sa: »No maa du gaa pent og varleg, kona mi, — ikkje trampa og byksa! Eg tykte rett det var som ein av stokkarne gav seg noko.« — »Jau eg skal hoppa, um eg aldri hev hoppa fyrr!« ropte kjeringi, og ho til aa trappa og byksa upp og ned midt paa kloppi. Men best som det var, rauk stokken tvert av, og kjeringi sturta lukt i elvi, og burte var ho.