Side:Moltke Moe - Æventyri paa vandring.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
28
Æventyri paa vandring.

i hop, at dei var berre avbrigde av ei og den same. I dei tri bispesogorne var dei tri taattarne til det norske æventyret gjevne. Det med aa klippa aakren hadde me i bispesoga nr. 2; aatgjerdi med aa dukka kjeringi, for aa faa skikk paa henne, raakte me paa i den provençalske, elder i den fyrste Jakobs soga; og endeleg det snaale visbendet av mannen, aa sokna uppetter elvi, saag me kom fram i den siste av bisp Jakobs sogor. Det vil segja: emni hadde me der, men aandi ikkje, — ikkje den norske klangen. Den er komen til med den norske umstøypingi, like eins som kvar klokka fær sin klang etter si støyping, endaa um malmemni kan vera dei same i den eine som i den andre.

Det same — at det ikkje er so mykje emnet, elder sjølve teksti, som gjer utslaget — ser me ogso, men paa ein annan maate, berre me gjeng til vaare næraste grannar, i Sverike og Finland. Der med hev dei æventyret um »Kjeringi mot straumen«, og i mangt og mykje annarleis bygt; men likevel lyder dei meir kjenneleg hell noko av dei latinske elder franske som me hev gjeve provor av her fyreaat.

Fyrst det finske:

Ein bonde hadde tekje seg ei kona; men ho tedde seg so vrangsnudd, og gjorde alt beint imot det han bad henne. So var det ein gong det leid til jol, at mannen gjekk og grunda paa, korleis han skulde faa kjeringi si til aa gjera seg noko meir fyre med matstellet, so dei kunde hava det lite grand flust i høgtidi. Jau sistpaa meinte han han hadde funne paa raad, og so sa han til kona si: »Ja no lid det til jol; veit du; men tak deg no ikkje til aa baka kveitekakor til høgtidi. So smaatt som det er med os, so veit du me hev ikkje raad til slikt.«

Men daa kjeringi høyrde det, so var ho ikkje sein med aa svara: »Jau me skal baka kveitekakor, og det i morgo den dag, no veit du det!«

Mannen lest som han vart arg, og sa: »No ja, um du bakar kveitekakor, so tenkjer du vel ikkje paa aa laga fiske-